Ordførar Gaute Epland fekk gjennomført si første straumkabelklipping. Foto: Jonas Sætre/Stord24
- Annonse -

Fredag sto Haugaland Kraft sitt splitter nye bygg på Heiane Vest klart til bruk.

– Dette er eit tydeleg teikn på at Haugaland Kraft satsar på Stord og i Sunnhordland. Det set me stor pris på. Det betyr arbeidsplassar og viktig infrastrukturutbygging, sa ordførar Gaute Epland (Ap).

Han fekk æra av å opne Haugaland Kraft sitt nybygg på Stord. Ikkje ved snorklipping, men ved å klippe over ein straumkabel.

Lokale verksemder står bak

Epland drog fram at det nesten utelukkande er lokale bedrifter som har vore med å reist bygget. JK Arkitektur har teikna bygget, Multiconsult har stått for prosjekteringa, Engelsen Bygg har vore totalentreprenør for bygget, og Helle Elecon har stått for alt det tekniske i bygget.

– Det er veldig gledeleg at det er solide lokale bedrifter som står bak bygget.

Konsernsjef i Haugaland Kraft, Olav Linga, sa det var få som ville trudd at energiselskapet skulle ville satse såpass sterkt på Stord for nokre år sidan. Satsinga har naturleg nok samanheng med at Haugaland Kraft har overteke nettdelen av SKL, og slik skaffa seg eit sterkare fotfeste i Sunnhordland.

Foto: JK Arkitektur
- Annonse -
- Annonse -

– Dette er ein historisk dag. Det var ikkje så mange som såg for seg at me skulle opne eit nybygg på Stord for få år sidan. Men no er me her. Dette er eit bygg som me kan vere stolte av alle saman, sa Linga.

Tusenvis av kundar på Stord

Linga drog fram tala som viste kor viktig Stord no er blitt for Haugaland Kraft.

– Me har 9000 nettkundar på Stord, me har 5000 fiberkunder, og ca. 4000 straumkundar på Stord. Så me har mykje kundar her og stor aktivitet. Me ønskjer å vise igjen i Stord-samfunnet og vere ein samfunnsaktør her.

- Annonse -

Det 1200 kvadratmeter store bygget inneheld kontorplassar til drygt 50 tilsette, kantine og garderobar.

– Dette er eit veldig teknisk bygg med mange smarte løysingar. Det er solcellepanel på taket og me har kopla på ein batteripakke. Me er blant dei første i landet med ei slik batteripakke, sa konsernsjefen.

Mange var samla under opninga av bygget. Til høgre med raudt slips, Petter Steen, tidlegare Haugesund-ordførar og styreleiar i Haugaland Kraft. Foto: Jonas Sætre/Stord24

Grønt bygg

Ordførar Epland peika på det positive i at nybygget er eit steg for tettare integrasjon mellom Haugalandet og Sunnhordland.

– Gjennom satsinga bidreg Haugaland Kraft å knyte saman Sunnhordland- og Haugaland-regionen. Me er to sterke regionar kvar for oss, samtidig så har me to endå sterkare byar sør og nord for oss. Eg trur me har alt å tene på å knyte oss endå tettare saman.

Bygget ligg berre nokre steinkast frå NCE Maritime CleanTech-klynga, som har medlemsbedrifter som er verdsleiande innan batteriteknologi for skip. Då passar det bra at Haugaland Kraft-bygget nettopp tek i bruk batteriteknologi for å vere meir miljøvenleg.

– Bygget har Stord sin første batteripakke, og har eit svært avansert energistyringssystem. Det er blitt eit fantastisk flott bygg, og ikkje minst eit framtidsretta bygg, sa Epland.

– No har me alle snart elbilar som skal ladast. Haugaland Kraft er på den måten med på å bidra til den grøne omstillinga som me som samfunn skal gjennom.

Det er plass til drygt 50 tilsette i bygget. Foto: Jonas Sætre/Stord24

- Annonse -