Foto: Wikimedia Commons
- Annonse -

Ein tilsett har mista jobben sin etter at selskapet Malenes AS har meldt oppbod.

Sunnhordland tingrett har opna konkurs i selskapet, som har drive klesbutikken Malenes AS i Bremnes sentrum i mange år.

Den samla gjelda til selskapet er på 865.000 kroner, og selskapet har 185.000 kroner i varelager.

Verksemda er no innstilt, og éin tilsett har mista jobbe sin.

Selskapet hadde i 2018 ei omsetnad på 2,5 millioner kroner.

Drivaren av butikken, Torunn Haldorsen, var ved årsskiftet tydeleg på at det var tungt å drive klesbutikken i følgje eit innlegg butikken publiserte på sosiale media, men at ho likevel satsa på å drift i år.

- Annonse -

– Eg ynskjer framleis å drive butikken min i 2020.Optimistisk og glad og kanskje nokon vil investere i ein nisjebutikk som min for å oppretthalde tilbodet, skreiv ho.

Det skal vere skiftesamling i Sunnhordland tingrett i slutten av mars.