Brakkeskulen ved Nysæter ungdomsskule. Foto: Stord kommune
- Annonse -

Ein gut i tenåra og ei kvinne i 30-åra har testa positivt for korona.

To nye stordabuar har fått positivt koronaprøvesvar i starten av helga.

Ein av dei er elev ved Nysæter ungdomsskule. Stord kommune opplyser at nærkontaktar består av 10. trinn på skulen, i tillegg til «nokre andre» utover eigen husstand.

I tillegg har ei kvinne i 30-åra testa positivt.

– Dette er kjend nærkontakt til smitte i annan kommune. Ho har mellombels opphald på Stord og er fullvaksinert. Sporingsarbeidet er avslutta, melder kommunen.