- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

På fredag startar kampen om bli årets Stord-meister i segling. Laurdag formiddag fortset moroa med første del av «Håkonarseilasen 2017».

Det er med andre ord duka for ei seglarhelg av dei sjeldne i Sunnhordland.

Fem seglasar skal gjennomførast i løpet av tre dagar. Alle seilasane er teljande i kampen om sigeren i «Ope Stordmeisterkap i seiling», og dei to distanseseilasane til og frå Brandasund er teljande for å vinne «Håkonarseilasen».

– Det er ganske ope kven som vil hanka inn dei to titlane i år. Eg trur det er mange kapteinar og mannskap som er svoltne på å kunne kalla seg «Stordmeistrar i seiling», seier regattasjef Tor-Inge Miljeteig i Stord Seilforening i ei pressemelding.

Baneseglasar ved Storddøra

På fredag vert det to baneseglasar på Leirvik hamn. Første start går ved Storddøra klokka 18. Ein tredje seglas går til Seilforeininga si nye heimehamn på Skjersholmane.

- Annonse -
- Annonse -

– Me har fått ei framifrå ny hamn i Sunnhordland Sjøsportsenter ved Skjersholmane, og me ønskjer at deltakarane skal bli betre kjend med desse lokalitetane. Difor vert det måltaking her på fredag kveld, og start utanfor moloen på same stad på laurdagen, fortel leiar i Stord Seilforening, John Bjordal.

- Annonse -

Laurdag kveld er det lagt opp til seilarfest med fiskesuppe, reker og quiz i Brandasund.

Oppmodar nye seilarar til å delta

Regattasjef Miljeteig håpar på 15 båtar på startlina fredag. Han presiserer at seilasane også er opne  for dei som ønskjer å ta det som ein tur.

– Me har veldig lyst til å få nye seilarar med. Så om nokon synes at dette verkar interessant så er det berre å melde seg på via lenke på foreininga si Facebook-side, eller ta kontakt om det er noko ein lurer på, seier Miljeteig.

- Annonse -

- Annonse -
- Annonse -