Hatlevikbasaren er eit populært sommararrangeent i Sunnhordland. Foto: privat
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

I år vert det mellom anna song  og musikk med Nils Abrahamsen som er kjend blant anna frå NRK.

Pressemelding frå Den indre Sjømannsmisjon

Laurdag  6. juli er det igjen klart for den tradisjonsrike Hatlevikbasaren.

Hatlevikbasaren er eit unikt kystkulturengasjement i Hatlevik i Fitjarøyane. Her er det god, gamaldags auksjon, song og musikk, tale og gratis mat og kaffi.  Overskotet  går til Betelskipet «Elieser 6» og Den indre Sjømannsmisjon.

I år vert basaren arrangert 6. juli. Som før vert det skyss frå den gamle ferjekaien i Sagvåg (westamaran) og frå Rubbestadneset, med retur etter basaren.

I år er vert det andakt ved Olav J. Oma, og det vert song og musikk ved Nils Abrahamsen m/fleire – og Halvard Møgster er auksjonarius også dette året.

- Annonse -

Primus motor Rasmus Hatlevik lovar at det er svært mange fine ting å finna på basaren i år òg.

- Annonse -