- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Gitaristen Thomas Valeur som er hovedgjest på arrangementet Den klassiske gitarens dag på Moster Amfi 3. februar.

Dagen er eit nasjonalt arrangement der det vert arrangert konsertar over heile Norge. Vanlegvis blir dagen feira i kulturhuset på Stord, men i år vert konserten lagt til Moster Amfi på Bømlo.

– Formålet med dette arrangementet er å setje fokus på den klassiske gitaren, og presentere heile breidda av utøvarar; frå amatørar, kulturskuleelevar, elevar ved musikkliner, studentar ved universitet og høgskular, pedagogar og profesjonelle utøvarar, seier Tom Stien i Stord kulturskule.

Arrangementet er eit samarbeid mellom Bømlo Kulturskule, Stord Kulturskule, Musikkavdelinga på HVL og musikklina på Stord Vidaregåande skule.

Elevar, lærarar og studentar skal spele både solostykker, gitarkvartettar og  i fleire store  gitarorkestre, mellom anna i Leo Brouwer sitt berømte stykke: “A Cuban Landscape With Rain”.

– Me er stolte over for å kunne presentere våre flinke elevar og studentar i samspel!

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Dette året er det gitaristen Thomas Valeur som er hovedgjest.

Han er utdanna klassisk gitarist, men driv også med rock og flamenco musikk. Thomas har spelt på Norsk radio og TV, mellom anna “Norske Talenter” i 2011. Vinteren 2017, opptrådte han i lag med komikar Christine Hope i showet “Hope skulder kne og tå”.

Han har også sin eigen Youtube-kanal med nesten 500.000 treff!

- Annonse -

- Annonse -
- Annonse -