Slik såg det ut då tre ungdommar hoppa frå MS Sunnhordland i sommar. No skal fleire våghalsar få prøva seg. Foto: MS Sunnhordland
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

– For å seie det sånn; du må rekne med at hoppet hamnar på Facebook, seier Sigbjørn Framnes som arrangerer hoppekonkurranse frå veteranskipet.

Fredag og laurdag er det klart for ei ny utgåve av matfestivalen Herifrå, som vart arrangert første gong i fjor.

Her vil fleire titals matprodusentar frå Sunnhordland bli samla i eit telt på kaien, der dei besøkande kan få oppleve ein god variasjon av lokal mat og drikke.

– Herifrå vil bli slik den var i fjor. Her blir det mykje god lokalmat og drikke. Me håper på like fint ver, og uansett så er det telt med tett duk, seier Sigbjørn Framnes i styringsgruppa for matfestivalen.

Opplegget vil bli det same som i fjor, der folk kan kjøpe bongar på førehand som dei kan byte mot smaksprøvar på øl og mat.

Inspirert av viral video

Men arrangørane ønskjer i år å invitere til konkurranse for dei største våghalsane. Nemleg ein hoppe- eller stupekonkurranse frå dekket på MS Sunnhordland.

- Annonse -
- Annonse -

Ideen kom frå ein video som har gått viralt. Stord24 skreiv tidlegare i haust om klippet, som viser korleis tre ungdommar hoppa frå MS Sunnhordland i sommar.

- Annonse -

– No er videoen oppe i over 8 millionar visningar, og me satsar på at den når 10 millionar snart. Det me vil gjere på laurdag er å gi ein moglegheit til dei som er tøffe nok til å hoppe frå brua på båten. Det er berre å ta kontakt med oss, så vil me registrere dei.

Premie til vinnaren

Konkurransen vil gå føre seg frå klokka 12 til 13 laurdag, og arrangørane har satt ei aldersgrense på 16 år. Dei mellom 16 og 18 må ha papir med underskrift frå føresette.

– Me vil dele ut premie til det beste hoppet. Og for å seie det sånn, du må rekne med at hoppet hamnar på Facebook, smilar Framnes som håpar at mange skodelystne møter opp for å sjå.

Framnes vonar arrangementet blir like populært som i fjor. Foto: Herifrå

Framnes opplyser at 25 mataktørar og sju ølaktørar kjem til å vere til stades på arrangementet.

– Eg håpar at folk set pris på at det skjer noko på Leirvik. Me synest iallfall dette var utruleg gøy å vere med på i fjor, så me vonar det blir endå meir folk i år. Me lærer jo frå første gongen, og me trur difor dette blir eit endå betre arrangement i år, seier Framnes.

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -