Stord24 skal i samarbeid med fleire gode støttespelarar skipa til direktesendt 17. mai-program frå Leirvik sentrum.
Koronaviruset gjer at det ikkje er stort å skriva heim om når det gjeld offisielt program på årets 17. mai på Stord. Borgartoget er avlyst, det blir ingen tale i Vidsteenparken, lite korpsmusikk og ingen leik og moro på skulane.
Me har likevel lyst å skapa ein minnerik 17. mai, og har bestemt å laga eit heidundranes 17. mai-show frå Leirivk sentrum!
Sendinga kan du følgje på Facebook frå klokka 14.00 på 17. mai!
Me vil sende frå eit provisorisk studio som blir rigga til hos Print og Ramme i Torgbakken. Her blir det spennande gjestar, konsertinnslag og mykje god underhaldning.
Me garanterer topp 17. mai-stemning! Ta gjerne med deg flagg og bli med å skap liv på gata utanfor.
Dei som står bak produksjonen er Stord24, Byrået Sydvest og EskeHorn.
17. Mai-sendinga er mogleggjort med støtte frå Sparebanken Vest. Takk også til Leirvik AS, SKL, Haugaland Kraft og Subshore.