Dagleg leiar Rune Sandvik i Erko Settefisk AS. Foto: Jonas Sætre/Stord24
- Annonse -

Første del av storutbygginga på 300 millionar kroner er ferdig, og produksjonen ved settefiskanlegget vil dermed bli dobla.

– Når me er ferdige med utbygginga her ute vil me plante og gjere det tilgjengeleg og triveleg for at folk kan ferdast ved sjøkanten. Sjølv vil me halde oss mest mogleg inne i hallane.

Dagleg leiar i Erko Settefisk i Grunnavågen, Rune Sandvik, er oppteken av goodwill blant lokalbefolkninga i bydelen. Protestane var til dels store for to år sidan, då verksemda fekk løyve til å tappe vatn store mengder vatn frå Storavatnet.

Bortgøymd som anlegget ligg, i enden av den krunglete vegen til Grunnavågen, skulle Sandvik ønskt at dei var meir synlege.

– Det blei ganske mykje støy når me etablerte oss. Men me har ikkje noko inntrykk av at dette framleis er vanskeleg. Men eg snakkar ikkje så mykje med folket her. Sjølv bur eg frå Fitjar, så det blir mest når eg er innom Kiwi at eg møter dei som bur her.

Bidreg til reinare vatn

- Annonse -

Men når det gjeld tappinga av Storavatnet meiner han folk ikkje lenger har noko å frykte. Produksjonen ved anlegget vert nemleg meir miljøvenleg enn som opphavleg vart tenkt, ved at dei har valt å gå frå gjennomstrøyming til resirkulering av vatnet som skal gå til tankane.

– Folk var ganske redde over kva som ville skje med Storavatnet, men no kjem me faktisk til å bidra til at vatnet vert reinare. Det er ganske dårleg kvalitet på vatnet grunna gruveaktiviteten på Litlabø. Difor skal me bygge reinseanlegg for å redusere metallinnhaldet i vatnet, seier Sandvik.

Erko Settefisk har nemleg investert i eit resirkuleringsanlegg som no er under bygging. Det vil føre til at dei berre treng å bruke 20 prosent av det dei fekk konsesjon å hente ut frå Storavatnet.

Det er full byggeaktivitet på gang ved settefiskanlegget i Grunnavågen. Foto: Jonas Sætre/Stord24

Ny milestein

10. desember kjem hall nummer to i drift, og produksjonen vil bli dobla. I februar vil ein ny milestein vere nådd, då ein klekkerihall på 3000 kvadratmeter vil stå ferdig. Då vil dei kunne produsere fisken frå egg heilt opp til den veg eitt kilo.

Sandvik legg ikkje skjul på at dei gode tidene i oppdrettsbransjen er bakgrunnen for at dei kunne ekspandere så kraftig.

– Satsinga blei definitivt gjort på eit rett tidspunkt. Det har gjort at me kunne ekspandere såpass fort.

No er dei 11 fast tilsette, i tillegg til lærlingar, og er i ferd med å tilsetje fem nye før jul. Sandvik trur arbeidsstokken vil utgjere 25 personar når utbygginga er fullført.

– Målet er at me skal bli 25 tilsette, men dette må kome litt etter litt. No har me tilsette frå heile Sunnhordland, og det er mange som kjem innom og spør etter arbeid. Spesielt etter at Wärtsilä la ned fabrikken sin i Grunnavågen.

Bakgrunnen for at Erko Settefisk valde å etablere seg i Sagvåg var då selskapet kom i kontakt med selskapet Stord Havbrukspark. Dei hadde nemleg ein konsesjon på eit settefiskanlegg i Grunnavågen. No leverer anlegget i Grunnavågen settefisk til alle dei ti oppdrettsanlegga til søsterselskapet Erko Seafood, frå Sveio i sør til Sunnfjord i nord.

Nysgjerrige kjem frå Asia

Sandvik fortel at anlegget har blitt lagt merke til. Delegasjonar frå både Japan og Kina har vore på besøk. Å bruke sjøvatn i fisketankane, slik som vert gjort her, er nemleg veldig uvanleg i bransjen.

– Me er dei første i Norge som brukar sjøvatn i produksjonen. No er det rett nok fleire som kjem etter. Me brukar reint sjøvatn med konstant temperatur, som mellom anna bidreg til mindre avlusing.

Det resirkulerte vatnet frå Storavatnet vil bli brukt i klekkerihallen som står ferdig i februar.

Vil utvide meir

Han ønskjer at satsinga i Grunnavågen skal kome fleire til gode, og er mellom anna i samtalar med Stord kommune om å bygge eit reinseanlegg for å rense avlaupet som renn ut i Sagvåg.

Sjølv om det framleis er full byggeaktivitet ved anlegget i dag, tenkjer Sandvik på ein ytterlegare utviding utover dei fire hallane som snart vil stå klare.

– Me har søkt konsesjon på 20 millionar settefisk. Får me dette vil nok behovet stige. Me eig eit stort areal bak her, så alt ligg til rette for utvide endå meir.