Ole Dramdal skal leie Stord-kontoret til Skye. Eit kontor som har sterke vekstambisjonar. Foto: Jonas Sætre/Stord24
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

IT-verksemda Skye Consulting har gått frå null til 115 tilsette på sju år. No er dei klare for å vekse seg store også på Stord.

Ein treng ikkje vere i IT-bransjen for å få med seg den rivande utviklinga der det aller meste me omgir oss med oss vert digitalisert, forenkla og automatisert. Det er også sjølve grunnlaget for forretningsmodellen til Skye Consulting, gassellevinnaren i Dagens Næringsliv som starta opp i Kolbotn for sju år sidan og kan no telle 115 tilsette.

No er den spreke IT-verksemda klare for å kapre kundar på Vestlandet. Tysdag var representantar frå næringslivet på Stord samla på Brygga 11 til ein presentasjon av det nystarta kontoret i Torgbakken på Leirvik, som i starten vil huse fire tilsette.

– Ambisjonane er å vekse det på ein sunn måte, slik som me har gjort ved hovudkontoret der me gjekk frå null til 115 på sju år. Så då kan du tenkje deg at me har nokre ambisjonar her også, seier Skye Consulting-sjef Lars Torp.

– Kor mange tilsette ser du for deg at det vil bli på Stord?

– Eg har ikkje lyst å seie noko tal, men me har ambisjonar om at kontoret skal bli betydeleg større enn det er no. Me ønskjer å byggje eit fagmiljø, og dei fire som startar no er allereie ute i oppdrag, så me er ute etter meir av den same kompetansen.

- Annonse -

– Stord er «midt i alt»

Dagleg leiar i Skye Consulting, Ole Torp, meiner Stord er ein strategisk bra lokasjon for ei satsing på Vestlandet. Foto: Jonas Sætre/Stord24

– Kvifor valde de Stord og ikkje ein av dei større byane på Vestlandet?

– Me fekk høve til å tilsetje to som budde på Stord. Og når me først såg at dei budde på Stord så fann me ut at det var jo midt i blinken, for det ligg «midt i alt». Det er kort veg til Stavanger, Haugesund og Bergen, og det ligg nært både verftsindustri og fiskeindustrien. Så det kunne ikkje blitt noko betre.

Torp fortel at Skye no er på jakt etter kundar i to hovudområde: leverandørindustrien til oljebransjen og innan oppdrettsnæringa.

– Det å forenkle verksemder sine arbeidsprosessar gjennom til dømes sensorteknologi er i høgsetet. Men også det å kunne gå inn og jobbe med store økonomisystem, logistikksystem og vedlikehaldssystem.

Gøteborg, Stockholm og Stord

Fungerande ordførar Jakob Bjelland (Sp) haldt eit innlegg der han uttrykte stor entusiasme for nyetableringa.

– Eg er usedvanleg glad for at Skye etablerer seg på Stord. Eg synest jo det er gøy å sjå kartet over Skye sine kontor, med ein prikk i Oslo, Gøteborg, Stockholm og no på Stord. Me er utruleg stolte over at Skye vel Stord som lokalisering for å sørve Vestlandet.

Bjelland trur Skye kan dra nytte av den høge tekniske kompetansen som allereie finst på Stord og i regionen.

– Eg trur det er veldig rett tenkt av Skye. Me er eit høgteknologisamfunn i utgangspunktet, og her er det mange som har den kompetansen som Skye treng for å utvikle verksemda framover.

Fung. ordførar Jakob Bjelland var svært glad for nyetableringa i Leirvik sentrum. Foto: Jonas Sætre/Stord24

Klynge på Leirvik

Den fungerande ordføraren peika på at det er gledeleg at Leirvik etter kvart får stadig fleire kunnskapsverksemder, der utviklinga før har vore prega av butikkdød og konkursar.

– Eg har veldig sans for at selskapet etablerer seg på Leirvik. Etter kvart er det stadig fleire kompetanseverksemder her. Så eg synest me skal slutte å snakke ned Vikjo, og heller marknadsføre staden som ei kunnskapsklynge.

Skye-kontoret på Stord skal bli leia av Ole Dramdal, som har fleire tiår fartstid frå forskjellige Aker-selskap.

Dei fire som skal jobbe på Stord-kontoret har alle bakgrunn frå verksemda Frontica, som i fjor haust vart kjøpt opp av den amerikanske IT-giganten Cognizant. Før det hadde selskapet kutta kraftig i tilsette i Norge, og fleire titals har gått frå selskapet på Bleikjehaugen på Stord det siste året.

Vekk med papirmølla

For dei som er engstelege for at digitaliseringa skal drepe arbeidsplassar, så forsikra Lars Torp om at det ikkje er det som er målet.

– Det er ikkje for å ta vekk arbeidsplassane, men for at dei som jobbar med vedlikehald skal få lov til å jobbe med vedlikehald, og ikkje papirflyt.

– Tenk på oss som kjerringa mot straumen, sa Torp.

Skye vart kåra til årets gasellebedrift av Dagens Næringsliv i 2014, og har som formål at dei gjer «alt av IT for ei bedrift utanom Word og Powerpoint».

- Annonse -