Tore Liverød vil saman med Kurt Arne Tyse gi bygga i nedre Borggata ein skikkeleg ansiktsløft. Foto: Jonas Sætre/Stord24
- Annonse -

Kurt Arne Tyse frå Fronta og den Larvik-baserte investoren Tore Liverød går saman om å gjere kontorbygga i nedre Borggata til attraktive kntorlokale.

Det byrjar å bli nokre år sidan Borggata Futurum presenterte storslåtte planar om opprusting av kontorbygga i nedre dal av Borggata. Her skulle det bli høghus, kjøpesenter og overbygd gågate.

Slik gjekk det ikkje. Store deler av kontorlokala står i dag tomme, og selskapet har slitt med svært høg lånegjeld. Men no kan det gå mot ei nysatsing for dei sentrale bygga i Leirvik sentrum.

Gamle kjenningar

Kurt Arne Tyse har gjennom sitt private investeringsselskap Ka Finans AS alliert seg med den Larvik-baserte investoren Tore Liverød, som driv eigedomsselskapet Alfa Eiendom AS, for å kjøpe Borggata Futurum.

– Me i Alfa Eigedom overtok alle aksjane i Borggata Futurum i august. Så er det slik at me held til i Larvik, og kan ikkje utvikle ein så stor eigedom her borte. Så for ei veke sidan overtok Kurt Arne Tyse halvparten av aksjane, seier Tore Liverød.

- Annonse -

Investorane kjenner kvarandre frå mange år tilbake, då dei gjekk saman om å kjøpe arbeidarbustadane i Kjøtteinsvegen frå Aker Stord og utvikle dei som leilegheitar.

– Me hadde eit fantastisk bra samarbeid den gongen. Så etter det har me halde dialogen, og no var det naturleg at han var med fortel Liverød.

Store ambisjonar

Og det er ikkje beskjedne målsetningar dei to investorane set seg.

– Målet er veldig klart. Me har ambisjon om at Leirvik senturm skal bli den mest attraktive staden, både for å drive forretning og for å ha kontor. Det er det langsiktige målet. Det kortsiktige målet er å utbetre manglane, slik at det ser skikkeleg ut. Deretter vil me sjå etter leigetakarar.

Tore Liverød bur i Larvik, men vaks opp på Stord. Faren hans var tidlegare eigar av bygget i Osen der DNB tidlegare held til. Foto: Jonas Sætre/Stord24

Allereie før nyttar vil dei gjere mykje av arbeidet med oppussinga. Men om dei gjer det aldri så fint, så er Liverød tydelege på at dei treng å betre parkeringstilhøva for at lokala skal bli attraktive.

– Me må finne ei løysing, slik at det vert god nok parkeringsdekning for dei som skal inn her. Førebels veit me ikkje korleis me skal gjere dette, men me er nøydd å få det på plass. Når me har gjort dette, er me klare for å finne leigetakarar.

Risikofylt?

Liverød seier at han førebels ikkje veit kor mykje det vil koste å pusse opp lokala. Han gir eit estimat på at oppussinga innvensing vil koste rundt 5000 per kvadratmeter, og i tillegg kjem arbeid med fasade, parkering og liknande.

– Er det mykje risiko involvert i dette prosjektet?

– Det er jo dette me driv med. Me har gjort slike investeringar mange gonger før. Me veit kva me skal gjere og korleis me skal gjere det, men me veit ikkje kor lang tid det vil ta. No er me heldigvis ikkje redde for at dette skal ta lang tid.

Liverød forsikrar at overtakinga ikkje vil få nokre konsekvensar for dei som i dag er leigetakarar i bygget.

Tore Liverød er vaksen opp på Stord, men har ikkje budd her på fleire tiår. Selskapet hans Alfa Eiendom AS eig fleire titals eigedomar i Larvik-området, og hadde i fjor eit resultat før skatt på 5,5 millionar kroner. Liverød fekk ein del mediemerksemd for nokre år sidan, då det var kjend at han vil vere med på å forvalte formuen til Olav Thon, som den einaste utanfor Thon sin familie.

 

- Annonse -