Kjetil Rydland i KrF blir ny leiar for Rådet for funksjonshemma. Foto: Stord KrF
- Annonse -

Tek over som leiar av rådet etter ordførar Gaute Epland.

No har Rådet for funksjonshemma fått ny leiar etter at tidlegare leiar Gaute Epland (Ap) vart ordførar. Det er KrF-politikaren Kjetil Eldøy som no tek over leiarvervet i rådet.

Eldøy er fast representant i kommunestyret, og har også vore Stord kommune sin representant i styret for Stiftinga for Stord maritime museum.

Det har vore ei rekkje omrokkeringar i råd og utval etter at Epland vart ordførar og etter at Liv Kari Eskeland (H) vart valt inn på Stortinget. Tidlegare i haust vart Nils Tore Gram Økland (Ap) ny leiar i rehabilitering, helse og omsorg.

- Annonse -