Psykologane Peder Kjøs og Frode Thuen er blant namna du kan sjå på samtidsdagane på Stord. Pressefoto
- Annonse -

For tolvte året på rad arrangerast Samtidsdagane på Stord. Høgaktuelle tema innan klima og helse er på agendaen, med føredragshaldarar som Peder Kjøs og Frode Thuen.

Høgskulen på Vestlandet (HVL) og deira samarbeidspartnarar fremjar i løpet av Samtidsdagane aktuelle tema og stemmer som pregar den norske samfunnsdebatten, og det heile skjer på Rommetveit tysdag 14. og onsdag 15. januar.

Psykisk helse og berekraftig utvikling er i fokus på årets program.

– Blant føredragshaldarane trekk vi fram sterke namn som psykolog Peder Kjøs, professor i psykologi og samlivterapeut Frode Thuen, dokumentarfilmskapar Margreth Olin, journalist Sigri Sandberg og forfattar Thorvald Steen, skriv Alf H. Aronsen ved HVL i ei pressemelding.

Lokale stemmer

Fleire lokale namn har sentrale roller under seminaret som tek opp aktuelle tema som sjølvmord, angst, skam, alvorleg sjukdom og berekraftig framtid.

Desse er Hege Myklebust, Leif Steinar Alfsvåg, Liv Reidun Grimstvedt, Anders Totland, Øivind Johnsen, Gaute Epland, Liv Kari Eskeland og Svein Olav B. Langåker

- Annonse -
- Annonse -

I år vert programmet utvida med fleire kveldsarrangement. Tysdag kveld vert det bokbad med forfattaren Thorvald Steen på Stord kulturhus. Her presenterar han dei to kritikarrosa bøkene «Det siste fotografiet» og «Det hvite badehuset».

- Annonse -

Tjuvstart på Berekraftvekene

Onsdag kveld vert seminaret avslutta med forfattarkveld på Stord folkebibliotek.

«Som ein avslutning av Samtidsdagane på Høgskulen på Vestlandet – og som ein tjuvstart på Berekraftvekene 2020 – kjem dei to kritikarrosa forfattarane Siri Helle og Sigri Sandberg til Stord folkebibliotek», står det i HVL sitt program.

– Helle skal snakke om «Berekraftig mat og landbruk», medan Sandberg skal snakke om boka «Mørke. Stjerner, redsel og fem netter på Finse».

Kveldsarrangementa er i samarbeid med Naturvernforbundet, Lønning Lutlandbruk og Stord folkebibliotek.