Tidlegare Krf-politikar Pål Kårbø er no dagleg leiar i pådrivarselskapet Haukelivegen AS. Foto: Hordaland fylkeskommune
- Annonse -

Som fylkesordførar ville han vraka Hordfast. No vil Stord-politikarane ha svar på om han også jobbar imot Hordfast som lobbyist.

Det skapte storm blant politikarane i Sunnhordland i 2017 då dåverande fylkesordførar i Hordaland, Pål Kårbø, tok til orde for å vraka Hordfast.

I dag er Pål Kårbø ute av fylkespolitikken, og jobbar som dagleg leiar i pådrivarselskapet 134 Haukelivegen AS, der Stord kommune er blant aksjonærane.

No har Stord-ordførar Gaute Epland (Ap) invitert han til å møta politikarane på Stord i neste kommunestyremøte, etter eit samrøystes vedtak før sommaren. Dette for å avklara om korleis pådrivarselskapet ser på realiseringa av Hordfast.

– Det er tiltakande uro rundt vår eigarskap i Haukelivegen AS og kor vidt den er foreinleg med våre interesser knytt til Hordfast, skriv Epland i ein mail til Kårbø.

Uroen knyt seg til prosessen rundt den såkalla «armen til Bergen», som fleire brukar som argument for å jobba for indre trasé på E39.

- Annonse -

– Me ønskjer å forsikra oss om at selskapet og de som styreleiar og dagleg leiar 1) forheld dykk til vedteken trasé på E39 Hordfast, 2) ikkje tek stilling til trasé på arm til Bergen før KVU-en har konkludert, og 3) ikkje set E134 og E39 opp imot kvarandre når det kjem til prioritering av samferdselsmidlar, skriv Epland.

Ordføraren slår fast at både ny E39 og ny E134 er avgjerande viktige samferdselsårer for Stord kommune.

– Difor er memedeigarar både i Hordfast AS og Haukelivegen AS. Vår forventning er at desse selskapa ikkje jobbar mot kvarandre, men med kvarandre for å realisera utbygging/oppgradering av desse to avgjerande viktige vegane for Vestlandet.

- Annonse -
Forrige artikkel6 av 10 har skrudd ned straumen i heimen
Neste artikkelSopp sprengte seg gjennom asfalt på Heiane: – Kolossale krefter i sving
Jonas Sætre er redaktør og journalist i Stord24. – jonas@stord24.no