- Annonse -

I vekene før jul sendte me tre episodar av det splitter nye talkshowet God helg med Stord24. Dei er verdt eit gjensyn.

Du har kanskje ikkje rokke å få med deg alle tre episodane midt i førjulsstria? Då kan du sjå dei att kva tid du vil.

I den første sendinga får du bli betre kjent med senterleiarane på Amfi-senteret og Heiane storsenter, kommunelegen på Stord, Nina Lovise Langeland i Galleri Giga og fleire til.

Sjå sendinga her:

https://www.facebook.com/1686542378343070/videos/373612307035112

Den andre sendinga gjekk føre seg i den flotte julebutikken til Hageland på Heiane. Har sto jul i høgsetet også i tematikken, der me mellom anna fekk besøk av prost Svein Arne Theodorsen. Me fekk også høyra korleis idrettsåret var for friidrettsutøvar Tom Erling Kårbø og trenaren hans Nils Hetleflåt.

- Annonse -

Sjå sendinga her:

https://www.facebook.com/1686542378343070/videos/216975433156178/

Den tredje og siste episoden før jul vart spelt inn på Stord Hotell, og her hadde med eit overordna tema som handla om folk på Stord som satsar på nyskaping. Du må også få med deg avslutninga, der pianist André Eide skapte skikkeleg julestemning.

Sjå den tredje sendinga her:

https://www.facebook.com/1686542378343070/videos/319899502390570/