Kjartan Fløgstad kjem til Stord onsdag. Foto: Jarle Vines / Wikipedia, CC BY 3.0-lisens
- Annonse -
- Annonse -

Onsdag kveld kan du oppleve ein av dei største norske forfattarane frå etterkrigstida.

Kjartan Fløgstad er kjend gjennom eit tjuetals romanar, ei lang rekkje esseysamlingar, dikt, skodespel og biografiar. Han har m.a. fått Nordisk Råds litteraturpris, Aschehougprisen, Gyldendalsprisen og Brageprisen.

Skråblikk hit og dit

Onsdag kveld kjem han til Stord folkebibliotek. Ifølgje arrangørane vil han i laus og ledig stil «slentra» gjennom deler av forfattarskapet sitt, med skråblikk hit og dit.

Kjartan Fløgstad har ein allsidig yrkesbakgrunn, både som sjømann og industriarbeidar, og erfaringane frå dette spelar ofte ein viktig rolle i forfattarskapen hans.

Ny essaysamling

- Annonse -

Den røynde forfattaren frå Sauda gav i fjor ut essaysamlinga «Etter i Saumane», som er eit historisk tilbakeblikk på den 20. hundreåret med utgangspunkt i tilhøvet mellom arbeidarklassen og borgarskapen.

Arrangementet  er eit samarbeid mellom Stord kyrkjeakademi og Stord folkebibliotek, og startar kl. 19.