Sunnhordland tingrett.
- Annonse -

Ei kvinne frå Stord i 40-åra måtte møte i retten for køyring med ei promille på 2,5.

Kvinna vart stansa av politiet klokka 9.40 ein morgon i april i nærleiken av Heiane. Analyseresultatet viste ei alkoholpromille på 2,89 ca. 40 minuttar etter køyringa, skreiv politiadvokaten i tiltalen.

Hovudforhandlinga vart halden tysdag denne veka. Kvinna sa seg ikkje skuldig etter tiltalen.

Påtalemakta forklarte i retten kva som skjedde den aktuelle morgonen. Politiet hadde fått ei melding frå Kiwi-butikken på Heiane om at kvinna var observert på førarsida av ein bil, trass i at ho framsto rusa. Han opplyste at kvinna kvelden i forvegen hadde kjøpt 12 øl på veg heim frå jobb.

Ein politipatrulje drog deretter til kvinna sin bustad, der dei fann bilen med same registreringsnummer som tipsaren frå butikken hadde opplyst.

Politiet tok seg inn i bustaden, der det blei teke ein utandingsprøve av kvinna, og blei på bakgrunn av denne frakta til legevakta på Stord for blodprøvar. Desse viste at ho hadde ei promille på 2,89, rundt 40 minuttar etter køyringa.

- Annonse -

Kvinna forklarte i retten at ho ikkje hugsar at ho køyrde, og at ho berre hugsar deler av då ho blei oppsøkt av politiet heime og frå blodprøvetakinga på legevakta. Men ho erkjenner at ho kjøpte to sekspakningar med øl på veg heim frå jobb kvelden før.

Sunnhordland tingrett er ikkje i tvil om å døme kvinna for forholdet.

– Retten finn på bakgrunn av det samla bevisbilete i saka at det er bevist ut over ein kvar rimeleg og fornuftig tvil at tiltalte køyrde bilen i tidsrommmet som er omtalt i tlitaleavgjersla, og at ho var påverka av alkohol.

Ved straffeutmålinga kjem det tiltalte til gode at politiet fann ein opna ølboks i kvinna sin bustad som framleis var kald, og at det var fjerna ein ølboks i sekspakninga i kjøleskapet. Retten ser det difor sannsynleg at noko av alkoholinntaket har skjedd etter køyringa, og ho dømast difor på bakgrunn av ein promille på om lag 2,5.

Kvinna blir dermed dømt til fengsel i 30 dagar utan vilkår, som var i tråd med påstanden til påtalemakta.

Ho må også betale 60.000 kroner i bot til statskassa, og ho mister retten til å føre motorvogn i tre år. Ho må ta full ny førarprøve dersom ho vil ha lappen tilbake på ny.

- Annonse -