Foto: Voxy restaurant/Facebook
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Drivarane bak Voxy restaurant i Sagvåg sentrum har lete alt inventar og kjøkkenutstyr stå igjen etter seg.

Det er mindre enn tre år sidan kinarestauranten opna i Sagvåg sentrum. No er det slutt.

Restauranten er nemleg begjært konkurs av Skatteoppkrevjaren i Stord kommune og av staten v/ Skatteetaten.

Voxy AS har heller ikkje levert godkjent rekneskap for fjoråret, noko som også vil føre til tvangsoppløysing.

I eit Facebook-innlegg publisert like før jul i fjor, annonserte drivarane at restauranten vart feriestengt fram til 15. februar. Men så vidt Stord24 kjenner til har ikkje restauranten vore opna sidan då. Fleire har spurt på Facebook kva tid opninga skal skje, utan å ha fått noko svar.

– Har berre gått rundt og venta på dette

Konkursen kjem ikkje overraskande på huseigar Lars Åge Myhre.

- Annonse -
- Annonse -

– Eg har ikkje fått med meg at dei er begjært konkurs, men eg har berre gått rundt og venta på det for å seie det sånn, fortel Myhre.

– Dei reiste jo til Hong Kong før jul, og har ikkje kome tilbake sidan. For eit par veker sidan fekk eg melding om at dei ikkje kom tilbake.

- Annonse -

Myhre fortel at restaurantdrivarane har lete alt inventar og kjøkkenutstyr stå att etter seg, og meiner det er ein smal sak for andre som vil overta restauranten.

– Dei har ikkje teke med seg noko. Det står jo komplett kjøkkenutstyr igjen her, så det er berre til å begynne å koke opp mat for dei som ønskjer å overta. Me kjem til å setje opp skilt og annonsere at det er ledige lokale her, seier Myhre.

Stord24 har ikkje klart å kome i kontakt med dagleg leiar i Voxy AS. Selskapet må møte i Sunnhordland tingrett 26. mars.

Mange har gitt seg

Så langt i år har det vore uvanleg mange etestadar som har stengt dørene, eller som har varsla at dei vil stenge.

Kringlo AS i Borggata og kafeen Et & Tyt på Amfi-senteret har begge lagt ned grunna sviktande omsetnad. Skaut Spiseri har varsla stenging frå april, også grunna manglande inntening. Like før jul stengte også thairestauranten Soradas i gamle fengselet.

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -