Kim Laitinen (t.v.) blei nummer to i NM i ultraløp. Bjørn Tore Taranger (i midten) frå Bergen Løpeklubb vann NM-gullet. Foto: privat
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Stordabuen hadde eigentleg tenkt seg på jobb i Nordsjøen. I staden fekk han med seg NM-medalje heim frå det 100 kilometer langt ultraløpet.

– Dette var veldig gøy. Eg hadde ikkje venta dette av meg sjølv, så dette var gøy, seier Kim Berland Laitinen frå Stord.

I helga tok han andreplassen i NM i den knalltøffe distansen ultraløp i Undheim på Jæren, med tida åtte timar og 19 minuttar. Dei 100 kilometrane som vart tilbakelagt svarar til nær to og ein halv maraton.

Laitinen er ein erfaren friidrettsutøvar. Men når det gjeld ultraløp har han slett ikkje den erfaringa som ein skulle tru måtte til for å kunna hevde seg i norgestoppen.

– Eg har delteke på eit par ultraløp tidlegare for fleire år sidan. Men no skulle eg eigentleg vore på jobb i Nordsjøen, men då dette blei kansellert meldte eg meg på.

– Det sit i kroppen

33-åringen frå Stord seier han også imponerte reisefølgjet frå Bergen, deriblant vinnaren av løpet, Bjørn Tore Taranger.

- Annonse -
- Annonse -

– Eg trur eg overraska dei. Eg hadde jo ikkje løpt nokre slike langturar i forkant. Eg trente tre mil for eit par veker sidan, det er det lengste eg har løpt. Så at beina haldt er overraskande, men tydelegvis så sit det i kroppen.

– Korleis var det å springe ein så ekstrem distanse?

– Du må jo opne relativt roleg. Eg klarte å halde jamn fart til eg kom til 60 kilometer, og så gjekk det saktare men ganske fint før det var to mil igjen. Då måtte eg stoppe opp litt. Då ville både beina og hovudet seie stopp, så derifrå var det viljestyrken som haldt det gåande.

- Annonse -
Laitinen har delteke på mange løp opp gjennom åra. Her frå halvmaraton på Midtfjellet på Fitjar. Laitinen er nummer to i rekkja på biletet. Foto: Kjetil Rydland/Fitjarposten

– Vondt å gå

At NM i ultraløp er ein temmeleg ekstrem konkurranse kan ein sjå på deltakarlista. Det var ikkje meir enn 12 deltakarar i konkurransen. Av desse var det berre sju som fullførte.

– Eg skjønar godt at det var mange som braut. Du skal ha dagen, og beina skal klaffe. Så det er ikkje berre berre å gjennomføre eit sånt løp.

– Korleis kjens det i kroppen no?

– Vondt. Vondt å gå, vondt å gå på do. Men det kjem seg no, så det blir nok ein liten løpetur i morgon.

Sjølv etter vel gjennomført helvetesløp er Laitinen allereie motivert for å gjere eit endå betre løp til neste år.

– Neste år skal eg gå fortare, kjem det kontant frå stordabuen.

- Annonse -