No blir det ein mindre stad på Stord å kjøpe kebabpizza. Foto: Facebook
- Annonse -

Stord kommune tilbakekallar serveringsløyve til Stord Pizza & Kebab etter at politiet avdekka at restauranten hadde bytta dagleg leiar utan å seie i frå.

Det er ikkje lenger sidan enn i april i år at Stord kommune gav nytt serveringsløyve til kebab- og pizza-restauranten på Bytunet i Leirvik sentrum, som går under namnet «Deli Pizzeria».

Serveringsstaden, som har vore ope i nokre par år, måtte søkje om løyve på nytt etter at dei fekk ny dagleg leiar som er Vincent Mansour Hanna Khoury.

Men i slutten av mai gjennomførte politiet ein kontroll i lokalet, der dei avdekkja at Khoury likevel ikkje var dagleg leiar i restauranten.

Fekk ikkje svar

Kommunen sendte så ein anmodning om uttale til restauranten for å få svar på kva som er skjedd, men ein slik uttale har ikkje kommunen motteke.

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

– Det vert vurdert at Stord Pizza & Kebab AS ikkje lenger har ein dagleg leiar med det reelle ansvaret for dagleg drift. Vilkåra for serveringsløyve er ikkje oppfylt, skriv kommunen.

Stord kommune viser til serveringslova § 4, som krev at alle serveringsstadar skal ha ein dagleg leiar som har det reelle ansvaret for den daglege drifta.

Det har ikkje lukkast Stord24 å kome i kontakt med Stord Pizza & Kebab.

- Annonse -