Høg omsetnad og fleire tilsette har ført til at Kattnakken måtte utvida lokala sine på Vabakken. I mars tok dei over heile første etasje og dobla arealet, med nytt kontor- og administrasjonsbygg. Foto: Malin Langøy Aarbø
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Det stordbaserte regntøyfirmaet kan vise til eit svært godt sal for fjoråret. No har dei planar om å utvide sortimentet sitt med meir vaksenklede.

Kattnakken AS kan vise til solide resultat for fjoråret. Den vesle kledeprodusenten selde i fjor varer for 9,2 millionar i 2018, opp frå 5,7 millionar året før. Dette inneber ei auke på heile 61,4 prosent, og er godt i overkant av kva Kattnakken-gründer Silje Vatne Ersland hadde forventa.

– Planen var å oppnå åtte millionar i 2018. Det er veldig kjekt å sjå at me klarte å passere dette, seier Ersland.

Trass i tilsvarande auke på utgiftsfronten, enda Kattnakken likevel opp med eit godt årsresultat på 684 000 kroner. Dette er ei betring frå 541 000 kroner i 2017.

Har tru på kvalitet

Ersland meiner Kattnakken-merket no har skaffa seg ein god posisjon i marknaden.

– Eg trur me har blitt meir og meir kjend på marknaden, og folk har skjønt at det er snakk om kvalitetsregntøy. Det finns mykje dårlege regnklede og produsentar der ute. Folk kjøpar i dyre dommar, og så lekker det som ei sil. Produkta mine er slitesterke, seier Ersland.

- Annonse -
- Annonse -

Kattnakken blei etablert i 2013 og held til på Vabakken på Stord. Sidan oppstart har dei utvida staben med tre fast tilsette, samt to seljarar i Oslo og to seljarar i Danmark.

Selskapet driv i dag med sal av regntøy i fleire land utanfor Norden, deriblant Kina, Russland og Canada.

Silje Vatne Ersland kan sjå seg godt nøgd med omsetnaden frå i fjor. Foto: Malin Langøy Aarbø

Investerer i tre containarar med klede

Men Ersland legg ikkje skjul på at det er dyrt å vere designar.

Tala frå fjoråret viser nemleg at vareforbruket låg på 5,2 millionar kroner. Dette kjem i tillegg til lønnsutgifter, transportutgifter og private lån som gründeren har tatt opp i firmaet.

- Annonse -

– Alle midlane eg får inn, brukar eg til å kjøpe inn nytt for. Berre i år har me investert 9 millionar kroner i klede som er på veg. Det er snakk om tre 40-fots containerar med regntøy, ullplagg, luer og nye sokkar til vaksne, opplyser ho.

– Akkurat no er det ganske tøft. Dollaren er høg og prisane i Kina har stige ganske mykje dei siste åra. Samstundes har eg ikkje hatt noko prisauking på mine produkt. Dette får eg svi for.

Satsar på private bestillingar

Tidlegare har Kattnakken hatt eit stort fokus på barneklede. No ønskjer dei å utvide marknaden for vaksne, og har ein plan om å rette seg inn mot litt andre typar butikkar, som til dømes sportsbransjen.

I samband med dette har dei no starta på ein ny kolleksjon. Denne vil bli lansert til hausten.

– Sidan me no har handla inn varer for 9 millionar, har me satt oss eit hårete mål om å nå 15 millionar i inntekter i 2019. Me ser at nettbutikken har hatt ein ekstrem vekst frå år til år. I fjor hadde me 5 000 pakkar i nettbutikken. I år satsar me på nærare 7 000 private bestillingar, opplyser Ersland.

– Me har fått inn mange nye varer for vaksne i butikken, og har planar om å utvide produktutvalet. Det blir spennande å sjå korleis dette slår an.

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -