Dagleg leiar i katapultsenteret Willie Wågen (t.v.) saman med prosjektleiar Pål G. Eide og dagleg leiar Gunvald Mortvedt i Westcon Power & Automation. Foto: Peter Tubaas
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Sustainable Energy-katapultsenteret samarbeidar med Westcon om å etablere ein ny lab for å utvikle hydrogendrivne ferjer.

Det nye hydrogenlaboratoriet som er under bygging vil koste 3,6 millionar kroner, der det Stord-baserte katpultsenteret bidreg med halvparten.

– Me er veldig glade for at me kan gjere hydrogen- og batterilaben til Westcon tilgjengeleg gjennom katapultsenteret. Det gjer at me kan gi eit endå betre tilbod til innovative, små og mellomstore bedrifter, seier Willie Wågen, som er dagleg leiar katapultsenteret.

Midlane skal mellom anna gå til å finansiere ein heilt ny brenselcelle levert av hydrogenselskapet Ballard. Testanlegget skal svare til eit komplett skipssystem, og vil gjere det lettare for bedrifter å redusere risiko på prosjekta sine.

– Tilgang på utstyr for testing, demonstrasjon og verifikasjon av nye produkt er avgjerande for å gjer vegen frå idé til marknad så kort som mogleg, seier Wågen.

Westcon Power & Automation vann tidlegare i år kontrakten på komplett energisystem og automatisering til ferja som skal gå på sambandet Hjelmeland – Nesvik – Skipavik i Rogaland.

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

– Med ein brenselcelle på plass får me eit komplett testsystem for produksjon og styring av energi frå hydrogen. Systemet vil bli viktig for oss i utviklinga av den nye hydrogenferja til Norled.

– Anlegget gjer at me kan bidra til auka tempo i utviklinga av nye, grøne løysinger til skipsfarten. Samarbeidet med Sustainable Energy-katapulten er utløysande for at me kan gjere denne investeringen no, seier Gunvald Mortvedt, dagleg leiar i Westcon Power & Automation.

Sustainable Energy-senteret held til på Heiane, og blei i fjor oppretta som eitt av tre tilsvarande katapultsentre i Norge.

- Annonse -

- Annonse -
- Annonse -