Fjordjarl. Foto: Oma Baatbyggeri
- Annonse -

Alle katamaranane som skal gå i trafikk mellom tre byar i Troms er no sendt nordover frå Stord.

Oma Baatbyggeri og Norled signerte kontrakt for tre 39 meter lange passasjer-katamaranar i 2018. Alle tre med kapasitet for 296 passasjerer.

Den første blei levert 15. oktober, den andre 10. desember, og denne veka, midt under koronakrisa, blei den tredje katamaren, «Fjordjarl» levert.

Dermed er alle dei tre katamaranane som skal gå i trafikk mellom Tromsø, Harstad og Finnsnes leverte.

Båttypen er ei vidareutvikling av dei anerkjende Oma Passasjerkatamranane som verftet har levert mange av til forskjellige norske reiarlag.

– Me har jobba tett med Oma Baatbyggeri i mange år, og veit at dei byggjer fartøy som er solide, topp moderne og gir gode reiseopplevingar, seier Bjørn Egil Søndenå, som er regionsjef for hurtigbåt i Norled.

- Annonse -

Katamaranen er nybygg nummer 543 som kjem ut frå den tradisjonsrike båtbyggjerverksemda på Stord.