- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Firmaet Odd Hansen kjem snart til å bestemme seg om dei vil kjøpe tomta og realisere planane.

I fjor la arkitekt Terje Lamo eigedomen ut for sal på Finn.no, etter å ha gått med urealiserte planar om leilegheiter sidan gamle Sagvåg skule vart riven i 2013.

No er Karmøy-firmaet Odd Hansen i ferd med å slå til, og har starta dialog med byggesaksavdelinga i Stord kommune. I følgje teikningane dei har laga er det aktuelt å bygge 20 terasseleilegheiter fordelt over fem etasjar.

– Me har ikkje kjøpt eigedomen heilt endå, men me er i ein sonderingsfase, fortel dagleg leiar i Odd Hansen AS, Børge Andersen.

– Me har eit samarbeid med tidlegare eigar, og så skal me no har ei førehandskonferanse med kommunen for å sjå på om eitt av våre konsept kan passe inn på tomta.

Andersen fortel at dei kjem å bestemme seg raskt for om dei kjem til å gå vidare med planane.

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

– Etter førehandskonferansen veit me meir om kva me kan få til. Så skal me ta opp tråden med dagens eigar. Viss begge desse tinga har positivt utfall så har me eit prosjekt i Sagtvåg, gitt at folk tek positivt i mot det. Men me føler at dette kunne blitt eit bra prosjekt.

Det har ikkje lukkast Stord24 å kome i kontakt med dagens eigar, Terje Lamo.

Leilegheitsplanane i Sagvåg har vore på teikneblokka i mange år, utan å verta realisert.

Det er berre ein månad sidan selskapet Skiparvik Eigedom AS gjekk konkurs, etter manglande leilegheitssal i gamle Sagvåg Senter.

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -