Kjell Framnes i Fronta Bolig fortel at bustadprosjektet i Hatlandsåsen er selt til Karmøy-firmaet Odd Hansen. Foto: Fronta
- Annonse -

Stord-entreprenør Fronta brukte mykje ressursar på å få politikarane til å godkjenne utbyggingsplanane i Hatlandsåsen. No har dei kvitta seg med prosjektet.

Fronta var i ferd med å heve salet av minst fem leilegheiter og lite større økonomisk tap i samband med bygginga av to blokker i Hatlandsåsen på Stord.

Bakgrunnen var at kommuneadministrasjonen sette foten nei for prosjektet, grunna sprengt skulekapasitet ved Langeland skule. Men politikarane i forvaltningsstyret viste godvilje, og godkjente prosjektet før jul.

Kvitta seg med eigedomen

Men no har Fronta gitt frå seg prosjektet til Karmøy-utbyggaren Odd Hansen AS. Like før jul vart det gjennomført eit sal for eigendomen for 9,5 millionar kroner.

– Me har selt heile prosjektet til dei. Det er ikkje noko dramatikk i det. Dette går på tilbod og etterspurnad, seier dagleg leiar i Fronta Bolig, Kjell Framnes.

Overdraginga av prosjektet for dei som har kjøpt leilegheiter i bygga, stadfestar Fronta.

- Annonse -

– Prosjektet er blitt godkjent, men no blir det Odd Hansen som sluttførar det og ikkje oss.

– Mykje å ta tak i

Framnes fortel at Fronta Bolig no har nok med å henge fingrane i to andre bustadprosjekt.

– Me har så mykje anna å ta tak i. Det er utbygginga i Vestlivegen som er hovudprosjektet vårt no. Og så har me planar om bygging av ein firemannsbustad ved Sponavikjo og bustadblokk i Borggata.

Dette blir det andre bustadprosjektet på Stord der Odd Hansen AS er inne i biletet. Førre veke skreiv Stord24 at Odd Hansen også har overteke utbyggingsplanar for leilegheiter på gamle Sagvåg skule-tomta.

– Dei vil vel inn på marknaden her, seier Framnes.

Fronta fortel også dei har inngått eit servicesamarbeid med Odd Hansen AS.

Tungt år for Fronta Bygg

Som Stord24 skreiv i november har Fronta-gruppen redusert kraftig i talet på underselskap den siste tida. Det er Fronta Bygg AS som har vore det klart mest innbringande i Fronta-gruppa, med ei omsetnad i 2017 på ca. 115 millionar kroner.

Dagleg leiar i Fronta Bygg, Geir Odland, fortel at dei legg bak seg eit tungt år, der dei har vore nøydd å permittere.

Geir Odland er dagleg leiar i Fronta Bygg. Foto: Westcon

– Sånn tala ser ut no var ikkje talet så bra som me håpte på då me budsjetterte for 2018. Det litt nok litt under forventningane.

– Kva er årsaka til det?

– Det er ein konsekvens av svakare ordreinngang. Det medførte i periodar permittering av folk, og det for også følgjeskader for dei økonomiske resultata også.

Odland fortel at 2019 ser langt lysare ut, og at dei ikkje lenger har nokon i permisjon.

– Første delen av 2018 hadde me berre eitt nytt prosjekt. Så landa me tre nye prosjekt på slutten av året som gir aktivitet i 2019. Me har forhåpningar om endå fleire. Så me er optimistar på at det blir eit år med høg aktivitet.

Ventar fleire utbyggingar på Heiane Vest

Ein av dei nye kontraktane dei no har landa er bygginga av FK-butikken sitt nye forretningsbygg like ved Biltema på Heiane Vest.

Odland fortel at dei no ventar endå meir utbygging på Heiane Vest.

– Me held må med dialog om endå fleire bygg på Heiane Vest. Men me kan ikkje gå ut med namn enno. Men me trur at i løpet av ikkje alt for mange vekene så har me fått både ein og to nye kontraktar her.

– Kva bransje er dette snakk om?

– For å sitere fylkesmannen så er det jo plasskrevjande varer me held på med der. Så dette er selskap som i hovudsak ligg nærare industri enn kva Biltema gjer.

Fronta Bygg har også fått kontrakt på bygginga av eit forretningsbygg i Troms, og er i ferd med å sikre kontrakt for ein hall for fiskerinæringa på Austevoll.

– Me prøvar å vekse utanfor nærområdet vårt. Me er spesielt interessert i kontraktar innan oppdrettsnæringa. Me snakkar med mange som held på med sånne ting.

- Annonse -