Frå utløpet av Botnavatnet. Foto: Kjetil Rydland
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

– Når eg kjem inn til Botnavatnet og følgjer stien på sørsida fram til Inste Botn, då får eg kjensle av fjellro i sinnet, skriv Karl Gloppen i denne vakre skildringa frå Stordafjellet.

Av: Karl Gloppen

Eg set meg gjerne ned ei stund, berre for å sjå og lyda etter om det finst nokon forstyrrande lydar her inne. Eg sit då i sentrum av Stordafjellet, med fleire vakre aust-vest-vendte vatn mellom høge fjellformasjonar.

Tveitaelva i Inste Botn. Foto: FP-arkiv/KR.

Ein gong sat eg slik og mediterte. Eg såg eit og anna aurevak utpå vatnet, og eit ramnepar som dreiv ”flyoppvising” over Kløvskarfjellbruna, men eg høyrde ikkje ein menneskeskapt lyd i 15 minuttar – til det kom eit fly som drog ei eksosstripe over himmelen. Då eg registrerte den svake flyduren, avslutta eg eksperimentet og gav meg til å fiska.

Ei anna hending her inne minnest eg godt: Eg og Odd Espevoll kom nedover mot Botnavatnet som turleiarar for ein flokk ungdomsskuleelevar. Me danna baktroppen. Nede ved vassenden stansa me, drakk friskt botnavatn frå bekken, sette oss litt på ein kvilestein og såg oppover mot den stupbratte fjellsida i sør. Då såg me to-tre sauer som beita oppe over stupa. Me høyrde og eit smalablekt frå berget der oppe. Og då såg me det: Der stod det ein sau utpå bergkanten, og under stod eit lam i skorfeste! Ingen av oss hadde tau med, men me gjekk likevel straks opp dit for å sjå om me kunne gjera noko.

Den bratte, lyngdekte småsteinura vart avslutta rett under eit svaberg. Ved sida av dette gjekk det ei delvis grasdekt fjellskore skrått oppover mot hylla der lammet stod. Me tok oss varsamt opp dit. Her var det farleg bratt. Der, oppe i den vesle bergskora, stod lammet og såg på oss. Kva skulle me gjera?

- Annonse -
- Annonse -

Me prøvde å hysja på det, for det var verkeleg ei lita rift i berget til venstre, der lammet hadde kome ned. Men det våga ikkje å klatra opp att. Me vart einige om at eg – den lettaste – skulle prøva å heisa meg opp i skora, medan Odd stod bak meg og sikra. Det gjekk godt. No stod eg der, saman med lammet, på denne vesle avsatsen, berre eit par meter i tverrmål.

- Annonse -

Alt som heitte gras og plantevekst var borte, berre rein mold låg att, og elles klauvetrakk og skit. Lammet var avkrefta, men heldt seg på beina. Eg fekk det snudd rette vegen, med hovudet mot den vesle ”kleiva”. Det ville ikkje gå. Då tok eg tak i ulla og lyfte det litt opp i skora. Brått vakna det liksom til liv, og klora seg vidare utan meir hjelp – og var frelst. Men det sprang ikkje bort til mora, som stod litt ovanfor og blekta. Det gav seg til å storeta på røsslyng og blåbærlyng – rett utpå stupet!

Eg hadde lese av sauemerket i øyra og ringde til eigaren i Øvrebygda, etter at eg var komen heim. Han gjekk opp og fann lammet, som hadde letna mykje, men overlevde likevel. Det mest utrulege var at det ikkje hadde tørsta i hel!

Botn og Botnavatnet er eit ganske populært turmål, både for fitjarbuar og folk frå Stord. Stien opp har ingen bratte stigningar, og når ein har nådd høgda ovafor Vik, opnar fjellet seg sør- og austover, og snart står ein ved den litle bergknatten ved vassenden, der ”minivarden” med tur- og meldeboka ligg gøymd.

Her, ved vassenden, har det òg vore halde fleire friluftsgudstenester med godt frammøte, og salmesongen har tona til musikk frå Harald Rydland sitt trekkspel.

Plassen ved utløpet av Botnavatnet er eit mykje brukt turmål, blant anna for skuleklassar. Foto: FP-arkiv/KR.
- Annonse -

- Annonse -
- Annonse -