Tom Erling Kårbø klarte kravet til å delta i finalen i hinder. Foto: NRK
- Annonse -

På tredje forsøk klarte bømlingen Tom Erling Kårbø, som spring for Stord IL, kravet til å delta i EM-finale på 3000 meter hinder.

29-åringen frå Langevåg blei nummer seks i det første kvalifiseringsheatet tirsdag, med tida 8.29,90. Det er berre eit halvt sekund unna perosnleg rekord.

Tida var dermed god nok til å kvalifisere seg til EM-finalen på Berlin Olympiastadion torsdag. Men først måtte Kårbø leve ti minuttar i spenning på resultata frå det andre heatet for å sjå om tida var god nok.

I eit intervju med NRK rett etter løpet sa Kårbø seg godt nøgd med løpet.

– Eg kjende meg veldig sterk og er godt nøgd. Eg kunne ikkje gjere så mykje annleis. Eg prøvde å løpe kontrollert. Planen var å avansere to rundar før mål og eg prøvde å posisjonere meg inn mot siste vassgrav, sa Kårbø.

Finalen på 3000 meter hinder går torsdag kveld klokken 21.20.

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Tom Erling Kårbø er klar for EM FINALE!Tirsdag formiddag løp han i det første av to forsøksheat på 3000m hinder i EM i…

Publisert av Stord Friidrett Tirsdag 7. august 2018

- Annonse -