Kårbø har grunn til å vere nøgd med EM-prestasjonane, sjølv om han ikkje nådde heilt opp i finalen. Foto: NRK
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Sjølv om Tom Erling Kårbø frå Stord IL ikkje nådde heilt til toppen i EM-finalen, er han svært nøgd med å ha klatra til å bli ein del av til Europa-toppen.

– I slutten var det beinhardt, eg hadde ikkje fullt så freshe bein som i forsøksheatet. Men 11. plass er ikkje sånn hakande gale. Det er jo veldig sterk framgang frå for to år sidan, sa Tom Erling Kårbø til NRK rett etter EM-finalen i 3000 meter hinder i Berlin.

Med tida 8.42,91 kom Kårbø altså inn på ein 11. plass i finaleheatet i sin aller første EM-finale.

Spesielt dei siste rundene var tunge for 29-åringen i løpet. Likevel er det snakk om små marginar. Kårbø si tid var berre åtte sekundar bak sølvmedaljevinnaren.

– Det som er motiverande er at det ikkje er så mange skundar fram til gode plasseringar. Så viss eg klarar å forbetre meg litt til så kan det bli veldig spennande.

- Annonse -

– Eg må jo seie meg fornøgd. Eg har jo vist at eg har kome meg opp på finalenivå i Europa og spring blant dei beste, sa Kårbø.

- Annonse -
- Annonse -

Mahiedine Mekhissi-Benabbad sørga  for fransk gull med tida 8.31,66.

- Annonse -