Illustrasjonsfoto: Hordaland fylkeskommune
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Regjeringa opnar for å gi ferjevaløysingsmidlar for å realisere sambandet mellom Nord-Huglo og Tysnes.

Avrekningane som kommunal- og moderniseringsdepartementet har gjort viser at prosjektet vil kunne utløyse om lag 4,9 millionar kroner i årlege ferjeavløysingsmidlar i 40 år.

Slik kan Huglosambandet bli.

Det betyr at ein kan rekne med å få opptil 200 milllionar kroner frå staten for realiseringa av sambandet. Det framgår at dette er førebelse utrekningar, og at dei kan endrast ved endeleg søknad.

– Dette er veldig godt nytt for dette prosjektet, som innbyggjarane på Huglo har vore opptekne av i lang tid, seier ordførar Gaute Epland (Ap).

Det er kommunane Stord og Tysnes som no må gå saman om utarbeiding av reguleringsplan for tiltaket. Epland informerer at han allereie har vore i dialog om den vidare prosessen med Tysnes-ordføraren.

- Annonse -

– Eg snakka i går med ordføraren i Tysnes. Me er samde om å setja oss ned i nærmaste framtid og legge ein framdriftsplan. I første omgang må me bli samde om ein fordelingsnøkkel på kostnadene med regulering, og me forventar at Hordaland fylkeskommune, som vegeigar, vil vera med og betala for reguleringa.

- Annonse -
- Annonse -

Det vart jobba for tilsvarande ferjeavløysingsmidlar i fjor, men då vart det gjeve eit negativt svar.

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -