Fitjargjengen på Podlen Verkstad. F.v. Evelyn Gloppen, Jørund Thorland Innvær, Runar Søreide Skogedal og Edmund Eide. Foto: Håkon C. Hartvedt
- Annonse -

Mange frå Fitjar må i dag reise til Podlen Verkstad på Heiane for tilbod om dagaktivitetar. No vurderer kommunestyret å etablere eit tilsvarande tilbod i Fitjar. 

Av: Harald Johan Sandvik, Fitjarposten

Hausten 2016, i samband med budsjett 2017, kom Råd for funksjonshemma med eit innspel der dei bad kommunen vurdera etablering av dagaktivitetar/ VTA-arbeidsplassar i Fitjar.

Kommunestyret løyvde då kr. 30.000 til eit forprosjekt, og det vart nemnt opp ei arbeidsgruppe. Gruppa har no lagt fram ein rapport som syner at det er trong for eit slikt tiltak i Fitjar.

10-12 aktuelle brukarar

I dag har kommunen fire personar som arbeider på Podlen Verkstad på Heiane, som er det næraste tilbodet no. Dei har ei dagleg reisetid på rundt 1,5 time. Det er 10-12 personar i Fitjar som er aktuelle brukarar, og det er svært ynskjeleg med eit nytt tilbod sentralt i Fitjar. Det kan vera aktuelt å organisera det som ein underavdeling av Podlen Verkstad.

NAV Hordaland har i dag ikkje midlar til å setja inn i eit slikt prosjekt. Det er kamp om midlane, og i år er det ikkje sett av midlar til nye plassar. Det er også strenge krav til ei VTA-verksemd. Den skal ha ein forretningsmessig plan som kan syna til produksjon og inntening, og den må oppfylla alle offentlege krav som gjeld for næringsverksemder.

- Annonse -

I tillegg må verksemda ha eit minimum plassar for å fungera. 10 plassar kan vera praktisk, då det er naturleg med fem arbeidarar for kvar arbeidsleiar.

Ikkje ressursar no

Administrasjonen konkluderte med at det er ikkje ressursar til å starta opp no. NAV har ikkje midlar til tiltaket, og kommunen må på si side investera i bygningar, utstyr og eigenandel til drift. Det er lite økonomisk rom for dette på kort sikt.

Då saka var i Utval for oppvekst og omsorg, gjorde dei positivt vedtak. I korte trekk lyder det slik:

Det bør etablerast eit VTA-tilbod i Fitjar, og det må sendast søknad til NAV om tilskot til etablering og drift av minimum 10 VTA-plassar. Vidare planlegging av tiltaket vert å koma tilbake til når tilsegn om støtte frå NAV måtte vera på plass.

I møtet i dag sa utvalsleiar Grete Marit Veka Maraas, Sp, at no handlar det om å senda søknad til NAV om tilskot.

– Dette prosjektet får me ikkje realisert på kort tid. Her skal me jobba vidare.

Noko som skurrar

Harald Rydland, KrF, er med i Råd for funksjonshemma og i arbeidsgruppa som har lagt fram rapporten.

– Dei som har jobba med dette, har stor tru på prosjektet. Men det er noko som skurrar. På mange punkt er det sprik mellom administrasjonen si utgreiing og utvalet sin rapport. Difor kan det svara seg å utsetja saka og rydda opp i dei punkta der det er usemje. Det gjeld mellom anna tal arbeidsplassar, økonomi og organisering, sa Rydland.

Arne Prestbø, H, gav uttrykk for uro på avstanden mellom rådmannen si saksutgreiing og det positive framlegget frå utval for oppvekst og omsorg. Han kom på vegne av H og Ap med nytt framlegg, der ein ber om nærare utgreiing av dei punkta der det er usemje, og at saka kjem opp att i løpet av hausten 2018.

– Det er ikkje grunna i skepsis, i verste fall sunn skepsis, sa han.

Ved røystinga vart framlegget frå H og Ap samrøystes vedteke.

- Annonse -