DEBATT: Me ber om at Sagvågsbuen som er opptatt av å fortsatt bu trygt i ei bygd med tilfredstillande beredskap, mobiliserer og er med på å fortelje kommunen om at nedlegging av Sagvåg Stasjon vil vera eit stort mistak!
Av: Brannkonstablane i Stord brann og redning, avdeling Sagvåg
Sagvåg har frå 1960-talet hatt eige brannmannskap. Dei har sidan det vore ein viktig brikke i bygda sin brann- og akuttberedskap i alle desse åra. Me har frå starten av vore med på å avgrensa skade frå brannar, miljøutslepp, trafikkulykker og hendingar på sjø og vatn. Mykje av grunnen til dette er fordi stasjonen ligg sentralt til, og har mange dyktige medarbeidarar som er klare til å rykka ut på kort varsel. Dei siste åra har mannskapa i tillegg fått akutthjelputdanning frå luftambulansen, noko som gjer oss rusta til å rykka ut på helseoppdrag om ambulansen er langt unna.
No har Stord Kommune lagt inn eit forslag i budsjettet om å leggja ned stasjonen i Sagvåg. Argumentet for å gjera dette er for å dekke eit avvik om krav om dagkassernering på Leirvik Stasjon, noko som kostar så mykje at det går direkte utover Sagvåg stasjon. Dagkassernering er vakt på stasjonen på dagtid, den tida i løpet av døgeret der det statistisk skjer aller minst i vår kommune. Nedlegginga gjer at det ved hendingar er Leirvik stasjon som må rykka ut, då kan ein rekne med vesentlig lengre utrykningstid til Sagvåg. Dette gjeld spesielt på ettermiddag/kveld/natt/helg.
I Sagvåg, som forøvrig er Sunnhordlands nest største tettstad, er det tett busetnad, industri og mange omsorgsbustader med eldre og funksjonssvake personar som i liten grad klarer å komma seg ut sjølve om det skulle byrja å brenna.
Me ber om at Sagvågsbuen som er opptatt av å fortsatt bu trygt i ei bygd med tilfredstillande beredskap, mobiliserer og er med på å fortelje kommunen om at nedlegging av Sagvåg Stasjon vil vera eit stort mistak!