Magne Skumsnes spanderer kake på kundane i høve 21-årsjubileet i dag. Foto: Kjetil Rydland.
- Annonse -

I  dag feirar Filialen daglegvarer 21 år, og butikkeigar Magne Skumsnes spanderer marsipankake. Men samstundes annonserer Joker-butikken på Rydland opphøyrssal.

Av: Kjetil Rydland, Fitjarposten

Marsipankaka som kundane får servert på Joker-butikken på Rydland i dag, har absolutt ingen bismak. Den er av beste sort, sjølv om Magne Skumsnes ikkje har baka kaka sjølv. Men etter at det blei kjent at butikkdrifta på Rydland snart er slutt, har ikkje jubelen stått i taket.

Takk, men ikkje gratulasjon

– Eg vil ikkje gratulera! seier Sølvi Aarbø, og oppsummerer det som dei andre føler på, som har teke turen innom for å eta kake på 21-årsdagen for Filialen.

I dag er det 21 år sidan Filialen opna igjen etter at butikken hadde stått stengt nokre månader frå 1996 til 1997. Og det var stor optimisme knytt til ny butikkdrift på Rydland. Men no er det altså slutt. Og det er ikkje akkurat jubel rundt kaffibordet, sjølv om dei trufaste kundane smiler tappert, og takkar Magne Skumsnes for innsatsen i alle desse åra.

Ingvald Korsvik er i det galgenhumoristiske hjørnet, og siterer han som fekk spørsmål om kvifor han var i gravferd: – Eg gjekk og las med liket!

- Annonse -

– Kva er det de feirar? spør Magne Skumnes i det han nærmar seg kaffikroken. Han fortel at han har fått mykje skryt for innsatsen sin, spesielt etter at det blei kjent at det nærmar seg slutten. Så no har han fått aldri så lite dårleg samvit, vedgår han.

Dei smiler tappert, dei tre stamkundane som har kroa seg til med marsipankake i kaffikroken på Filialen, f.v. Margun, Berit og Ingvald Korsvik. Foto: Kjetil Rydland.

Får ikkje fritidsproblem

Han nyttar høvet til å takka kundane som har møtt trufast opp i alle desse åra. Han veit at mange vil sakna butikken; det har vore mellom 100 og 150 kundar innom kvar dag.

Sjølv reknar han ikkje med å få fritidsproblem etter at han gir seg med butikkdrift. I mange år var han ein av dei travlaste fotballtrenarane i Fitjar, men han oppdaga at tida gjekk like fort etter at han gav seg med det. Og slik blir det sikkert no òg.

– Det blir nokre ekstra springeturar! seier han med ettertrykk. Og han har lyst å halda fram med å konkurrera i lange løp. Han er påmeldt til Paris Maraton 8. april. Og før den tid skal han på treningsleir utanlands.

I tillegg til fleire og lengre turar på vegen, til skogs og til fjells reknar han med at det blir fleire utanlandsturar framover. – Men ikkje på shopping, det er eg ikkje interessert i! seier butikkmannen Magne Skumsnes til slutt.

Opphøyrssal i neste veke

Frå måndag 26. februar blir det altså opphøyrssal. Sølvi Korsvik er ei av tre damer som no må ut på arbeidsmarknaden for å sjå seg om etter ny jobb.

Ho fortel at dei vil ha ope ei veke eller to, alt etter kor fort det går å få ut varene. Ho oppmodar folk om å komma innom og sjå om dei kan gjera eit godt kjøp.

– Ikkje ver redd for å komma! seier ho.

- Annonse -