Foto: Amfi Stord
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Etter akkurat eit halvt år i drift er det slutt for kafeen «Et og tyt» i 2. etasje på Amfi-senteret i Leirvik.

– Me har gjort ei avtale med han som driv her om at det er siste opningsdag i dag, fortel senterleiar Hans Martin Haavik.

Kafédrifta blir avvikla som eit resultat av manglande inntening, i følgje senterleiaren.

Det skal ha blitt meldt oppbod av bedrifta til bubestyrar. Stord24 har forsøkt å få ein kommentar frå kafédrivar Asbjørn Aven for å få stadfesta dette, men han ønskjer ikkje å kommentere saka.

Fleire vil drive kafé

Haavik seier det ikkje vil ta lang tid før det kjem ny kafédrift i lokala.

– Me har fleire folk som har meldt seg på og som ønskjer å drive her, så matkonseptet vil bli vidareført.

- Annonse -
- Annonse -

Allereie i neste veke trur han det blir servering i lokala, og så vil dei bruke dei neste vekene på å sjå korleis det endelege konseptet vil bli.

- Annonse -

– Me held på å sjå på eit litt anna konsept her. Me ser litt på korleis me vil ha sitjegruppene. Kanskje me skal skjerme publikum meir, slik at dei ikkje sit så mykje på utstilling.

Han seier at alt inventaret i kafeen er i Amfi-senteret sitt eige.

– Alt ligg jo til rette for å drive kafé her. Drivaren eig jo berre varelagaret.

Tre avviklingar på kort tid

Det er ikkje berre kafeen om Amfi-senteret som har sin siste opningsdag i dag. Det gjeld også for Kringlo i Borggata. Kafeen Skaut Spiseri har også varsla at dei kjem til å kaste inn handkledet i løpet av våren.

– Då er det jo heilt klart at den som no startar opp her vil jo få eit endå større grunnlag.

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -