Julian Helland er sikker på at han vl trivast bak rattet, når setet kjem på plass. Foto: Kjetil Rydland.
- Annonse -

Tysdag kveld var Julian Helland til Agdestein og henta seg ein ny bil, som med tida skal brukast til bilcross.

Av: Kjetil Rydland, Fitjarposten

– Eg har gledd med for fullt sidan eg var åtte år! seier tolv år gamle Julian Helland etter at han endeleg har fått sin eigen bil.

Og så legg han til at han sikkert har gledd seg endå lenger. Etter det me forstår, var han på sitt første billøp då han var rundt eitt år gamal, så han veit godt kva dette går i.

Ikkje redd!

Han veit og at det går fort når dei ivrige bilcrossførarane knivar i Vikedal og på andre banar. Men han kvir seg ikkje til å begynna å køyra.

– Nei eg er ikkje redd! seier han og ser ut som om han ikkje forstår spørsmålet.

- Annonse -

Unge Julian Helland fyller 13 år til sommaren, og er ikkje gammal nok til å begynna med bilcross enno. Men til neste år fyller han 14, og då har han lov å øvingskøyra på bane. Dermed har dei relativt godt tid på å få bilen i stand til Julian er klar.

Julian Helland har endeleg fått sin eigen bil, ein rundt 40 år gammal Opel Kadett. Foto: Kjetil Rydland.

Opel Kadett med Ford-motor

Det er ein rundt 40 år gammal Opel Kadett dei har fått tak i. Den er allereie bygd om til bilcross, og har blant anna ein to liters Ford-motor under panseret. Far til Julian, Håvard Helland, synest bilen ser bra ut, sjølv om han ber sterkt preg av å ha vore med på billøp.

Han må gå over det elektriske anlegget og bremsane, og så må han sveisa litt her og der. Men alt dette er overkommeleg, meiner Håvard. Det er jo slikt arbeid dei driv med heile tida i verkstaden til racingteamet.

Sete har han klart, for Julian kan overta det som faren har brukt i rallycross. Og når han har montert hydraulisk handbrekk, skulle det meste vera klart.

Hjelp besten, så hjelper besten deg!

Håvard understrekar at det er meininga den unge bilentusiasten skal vera med sjølv og jobba med bilen. Og så reknar dei med at besten, Ole Vidar Helland, blir med. Håvard trur dei har ein aldri så liten trumf på ungdommen no:

– Vis du hjelper besten, så hjelper besten deg!

Me ser fram til å sjå ein ny mann i bilspora til pappa og besten, sjølv om det enno er eit stykke fram.