- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

LESARBREV: Liv Kari Eskeland skriv om året på Stortinget, klimautfordringane, næringslivet i Sunnhordland – og jula.

Av: Liv Kari Eskeland, 
Stortingsrepresentant (H)

No er det lenge sidan dei første nissane dukka opp i utstillingane eg vandrar forbi på min veg langs Karl Johan, til og frå Stortinget. Julemarknaden i «spikersuppa» gjer det mest uråd å kome fram, og den første adventssnøen har kome og forsvunne att.

Inne i Stortingsbygningen er lysa tent i det store juletreet som blir sett opp i vandrehallen, og stortingspresidenten helsa alle representantane, og minner oss om at vi er tillitsvalde frå heile landet med eit samfunnsoppdrag som gjer at den viktigaste lodd vi forvaltar er ordet TILLIT.

Mange komplekse saker

Å forvalte denne tilliten krev at vi kvar dag kjenner på ansvaret for dei vedtak vi gjer i Stortingssalen. At vi kvar dag må avveie føremoner og ulemper i saker som vert lagt føre oss.

Og det gjer vi, men mengda av saker og grunngjeving for kvifor vi fell ned på dei avgjerder vi gjer, er det mange gonger vanskeleg å få kommunisert ut på ein konstruktiv og god måte.

- Annonse -
- Annonse -

Det eine er kompleksiteten, men det andre er alle andre saker som krev sin plass i media, og dette året har det vore fleire av desse.

#MeToo og KrF-drama

Årets første månader var sterkt prega av #MeToo, politikarar frå fleire parti fekk kjenne på trykket, og partiorganisasjonar vart utfordra. Dette er viktige saker som framleis må ha vår fulle merksemd, vi ynskjer ikkje eit samfunn der slike haldningar er akseptert.

Etter kvart kom hausten, og Krf fekk gjennom eit par månader alle lyskastarar retta mot seg, og det var lite plass til anna politikk. Uvissa kring val av regjeringsalternativ gjorde at fleire prosessar vart satt på vent, noko som har ført til at «ketchup-effekten», eller trykk på saker som i etterkant skal handsamast, vert stor. Mange saker og lange møter prega siste del av desember.

Jobbar med klimautfordringane

Som medlem av energi og miljøkomiteen har hovudtyngda av det eg har jobba med dette året vore retta mot dei enorme klimautfordringane vi står overfor. FN sitt klimapanel  la i haust fram sin rapport som fortel at vi har lita tid om vi skal nå målsettingane vi har sett oss i Parisavtala, og helst bør ambisjonane ytterlegare strekkast.

Jorda si tole-evne for global oppvarming handlar om marginar, og vi må gjera alt vi kan for å bidra. Dette jobbar vi med kvar dag.

Vi ser på verkemiddel for å få fram fornybare energikjelder som vind, sol og ikkje minst utnytte vasskrafta vår enno betre. Vi ser på energireduserande tiltak og set strenge miljøkrav til forvaltninga. Vi legg til rette for ei teknologiutvikling som skal nytte fornybar energi  til transport. Vi har også nytta tida til å jobbe med plastproblematikken i havet, og bevaring av regnskog, vi arbeider med korleis vi kan få opp ein hydrogenstrategi og jobbar med sirkulærøkonomi og gjenbruk.

– Olje og gass vera med oss i fleire tiår

Samstundes er vi opptekne av å syte for at vår olje og gass-industri har rammevilkår som gjer dei i stand til å ligge fremst med tanke på teknologiutvikling og effektiv og miljøvenleg produksjon som utnyttar den kompetanse og infrastruktur vi har bygd opp for denne industrien.

Sjølv om mykje av fokus dreier seg om fornybare kjelder, vil olje og gass vera med oss i fleire tiår enno, og då må vi syte for at vi gjer jobben best mogleg og mest mogleg miljøvenleg.

- Annonse -

Eg er ein av dei heldige i energi- og miljøkomiteen skal til Katowice og følje klimadrøftingane på nært hald. Dette skjedde i nest siste veka før jul, og målet er å kome fram til felles forståing for korleis vi skal følje opp Parisavtala med konkrete utsleppsmål og rapporteringsrutinar kring dette, det skal enkelt forklart lagast ei regelbok for Parisavtala.

Deltok på fredsprisutdelinga

Men før det fekk eg få overvære fredsprisutdeling i Oslo rådhus, som i år går til den kongolesiske legen Denis Mukwege og IS-slaven Nadia Murad. Dei delar prisen for deira kamp mot seksualisert vald brukt som våpen i krig og væpna konfliktar.

Vi må aldri gløyme dei ufattelege tragediane som finn stad utanfor våre landegrenser, og Noreg må gjera sitt til at denne verda vert ein trygg stad å vera for alle. Dei forferdelege krigshandlingane som vert utført som vald mot born og kvinner er så umenneskelege at det er vanskeleg for oss å forstå.

Det står stor respekt av den og dei som vågar å stå opp mot slike gjerningar midt blant dei som utfører handlingane. Så må Noreg som internasjonal aktør, bidra til å dempe konflikt og vera ei tydeleg stemme for at slike handlingar er fullstendig uakseptable.

«Kva har du gjort for Sunnhordland i dag?»

Ute snør det lett, og det er snart tid for å rusle heim til hybelen. Kikkar bort på PC’en der det heng ein liten lapp som eg skreiv til meg sjølv då eg fekk tildelt ein kontorplass her på Stortinget: Kva har du gjort for Sunnhordland, Vestlandet og Noreg i dag?

I dag har eg hatt gode samtalar med mine kollegaer for å få på plass dei siste merknadane for igjen å sjå på korleis vi kan få vurdert å få opp kvikksølv frå U-864 som ligg utanfor Fedje, eg har førebudd eit innlegg om berekraft i oppdrettsnæringa og eg har vore i møte om grønt kystfartsprogram.

Eg har hatt samtalar om fiskerihamna på Bømlo, hatt møte med ein vindkraftorganisasjon,  og brukt litt av kvelden på å skrive eit par julekort til kontaktar som har vore viktige bidragsytarar til vårt politiske arbeid.

Og snart er det julefri, og eg ser med glede fram til gode dagar heime på Stord med familie og vener.

Dynamisk og framoverlent region

Sunnhordlandsregionen gjer sitt til at tillitsvervet på Stortinget vert ekstra kjekt. Dette fordi eg får representera ein dynamisk og framoverlent region som med sin leverandørindustri og næringsliv ligg langt framme på energi og miljøområdet, der marine og maritime klynger ligg i tet med tanke på det grøne skiftet.

Verksemder som Salt Ship, Wârtsilâ, Oma og Fitjar mekaniske er med på å setje fotavtrykk etter seg internasjonalt, Kværner og Leirvik AS leverer kvalitet til rett tid og rett pris. Frå Eldøyane siglar Hywind som kan vera grunnlag for nye industrieventyr der denne regionen og Noreg kan ta ei rolle innan flytande havvind. Dette saman med sterke kæringsklynger og næringsorganisasjonar som banar veg.

Eg slukker lyset på kontoret for å gå ut i snøen til alle julelysa, og kjenner meg umåteleg privilegert som får lov til å representere dykk alle i denne stortingsperioden. Eg kjenner meg audmjuk i forhold til dette oppdraget og vonar eg kan gje gode svar på lappen som heng på PC`en – kvar dag.

Då gjenstår det berre å ønskje kvarandre ei riktig god jul og måtte det nye året gje oss gode og innhaldsrike dagar.

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -