Torbjørn Brosvik (KrF), Geir Angeltveit (V), Linda Grundtvig (Frp) og Øyvind Kyvik (H) jublar saman med ungane i Vilvettene friluftsbarnehage på Rommetviet. Foto: privat
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Regjeringa løyver til saman 1,7 millionar kroner til Vilvettene friluftsbranehage, Stuastølen gardsbarnehage og Heiane barnehage.

– Dette er sårt tiltrengte pengar for at dei minste barnehagane skal oppfylle minimumsbemanninga som Stortinget har vedteke. Me er veldig glade for å ha fått desse pengane til Stord.

Det seier Høgre sin ordførarkandidat på Stord, Øyvind Kyvik. Saman med lokale representantar frå dei fire regjeringspartia drog han tysdag til Vilvettene friluftsbarnehage på Rommetveit for å overrekkje nyheita om at barnehagen får 593.000 i støtte.

– Utfordring for dei minste barnehagane

Det same gjer også Stuastølen gardsbarnehage og Heiane barnehage, som utgjer dei minste barnehagane på Stord.

– Me er veldig nøgde med at det no er kome pengar til Stord. For KrF er det viktig at me får følgt opp gjennomslaga partiet har fått på barnehagenorma. Det er så viktig at det er tilstrekkeleg vaksne i barnehagane. Dette har vore ei utfordring for dei minste barnehagane. Difor er det veldig kjekt å bidra med dette tilskotet, seier Torbjørn Brosvik i Stord KrF.

- Annonse -

– Veldig kjekt

Dagleg leiar i Stuastølen gardsbarnehage, Kjersti Karlsen, seier midlane kjem svært godt med. Den vesle barnehagen på Stuva har berre fire tilsette og rundt 20 barnehageungar.

- Annonse -
- Annonse -

– Det veldig kjekt å bli tilgodesett med ekstra midlar. Me har i utgangspunktet ikkje dårleg økonomi. Me fekk også midlar i fjor, og jobba med å oppfylle bemanningsnormen dette året, seier Karlsen.

- Annonse -

- Annonse -
- Annonse -