Nina Østensjø (H), Geir Angeltveit (V), Dag-Ove Fauskanger (Krf), leiar Frivilligsentralen, Anne-Line Innvær og Sigbjørn Framnes (Frp). Foto: privat
- Annonse -

Stord kommune, BUA Stord og Stord IL får pengar for å skape ein meir inkluderande fritid for barn frå låginntektsfamiliar.

– Eg blei så glad då eg høyrte dette. Dette var heilt strålande, seier leiar i Frivilligsentralen og utlånsordninga BUA Stord, Anne-Line Innvær.

I regjeringa sitt forslag til Statsbudsjett for 2019 blei det i fjor sett av 292 millionar kroner til «Nasjonal tilskuddsordning for inkludering av barn i lavinntektsfamilier».

No vert det klart at Stord får nær ein halv million kroner av desse pengane. Lokale politikarar frå regjeringspartia tok måndag kveld turen ned til sentrum for å overbringe nyhenda om at BUA får 240.000 kroner for å kjøpe inn nytt utstyr.

Vil satse på syklar og skiutstyr

Pengar som kjem svært godt med, i følgje Innvær.

– Det er så masse me kan kjøpe inn, som me i dag ikkje har midlar til. Nett no satsar me mykje på utleige av syklar. Me har allereie fått inn nokre få syklar, men dette gir oss høve til å kjøpe inn mange fleire. Så dette er heilt ufatteleg bra.

- Annonse -

Innvær trekkjer også fram innkjøp av meir skiutstyr, som ho også meiner kan redusere dei økonomiske forskjellane mellom barnefamiliar.

Dette er dei tre prosjekta som får pengar:

  • BUA Stord, 240.000 kroner – Utstyrsleverandøren skal drive utlån av utstyr for å redusere dei økonomiske barrierane for deltaking i ulike fritidsaktivitetar.
  • Stord kommune,200.000 kroner – Skal lage ein strategi og plan for kommunen sitt samarbeid med lag og organisasjonar for å inkludere barn og unge i minst éin fritidsaktivitet, uavhengig av foreldra sin sosioøkonomiske status.
  • Stord IL, 40.000 kroner: Vil gi barn i låginntektsfamiliar høve til å oppleve aktivitet som dei elles ikkje har høve til.

– Utruleg positivt

Høgre-politikar på Stord, Nina Østensjø, jublar over satsinga frå regjeringa.

– Dette er utruleg positivt. Det er ingenting som er kjekkare enn å kunne sjå folk i augene og vise at det vert satsa på frivilligheit overfor borna. Med dette lagar me gode rammar for ungar sin oppvekst i Stord kommune.

Dag-Ove Fauskanger (Krf) er nøgd med satinga, som han trur vil vere med å utjamne forskjellane mellom rik og fattig.

– Dette bidreg sterkt til å utjamne forskjellane mellom fattig og rik. I tillegg kjem ordninga med frikort for fritidsaktivitetar, som Krf har fått gjennomslag for. Dette viser at me har ei regjering som satsar på å utjamne forskjellane i samfunnet.

Skryt over kommunen

Geir Angeltveit (V) skryt over kommunen for å skrive gode søknadar som ein altså har fått full utteljing på.

– Det positive her er at fleire barn og unge vil få tilbod om fritidsaktivitetar, som me ser er dalande i kommunen. Det er kjempeviktig for unge som slit med tilhøyre å ha desse møteplassane. Kommunen skal ha stor skryt for å ha sendt gode søknadar, og fått tilslag på dei.

Sigbjørn Framnes (Frp) seier Stord kommune skal vere nøgd med å få så god uteljing for midlane.

– Det er kjempebra at Stord får tilegn på heile tre prosjekt. Dette vil vere eit godt verktøy for å motarbeide barnefattigdom i kommunen.

- Annonse -