Handballfestivalen fekk overrakt ei gåve på 400.000 kroner frå Sparebanken Vest onsdag.
I går fekk Handballfesrtivalen og Stord handball tildelt heile 400.000 kroner frå Sparebanken Vest sitt koronafond.
– Dette er eit fantastisk bidrag frå handballen sin lojale samarbeidspartnar gjennom mange år. Stord Handball kunne som kjent ikkje gjennomføra årets festival i pinsen grunna pandemien, og ville utan økonomisk støtte fått store utfordringar med å oppretthalde aktiviteten, skriv klubben.
Dei fortel at støtta frå Sparebanken Vest er eit svært kjærkome bidrag til klubben.
Festivalsjef for Handballfestivalen, Kjartan Grov, tok i mot gåva under trening i Nordbygdohallen tysdag, saman med jublande J11-spelarar som er klare for neste års festival.