- Annonse -

Stordabuen lurte på kva han skulle finne på i sommar, og bestemte seg for å gå 147 kilometer frå Sandnes til Stord.

Førre veke skreiv Stord24 om Erik Onarheim (23) frå Stord, som i dag tidleg legg ut på ein svært strabasiøs joggetur frå Haugesund til Oslo.

Men dei siste dagane har ein annan milslukar frå Stord tilbakelagt ein annan imponerande distanse for å skaffe inntekt til Kreftforeningen.

Jørund Espeland frå Stord kom i mål kl. 03, natt til søndag, etter å ha gått til saman 147 kilometer sidan torsdag morgon, frå Sandnes til Stord.

– Slit med å gå ein meter

– Då eg kom i mål kjendes kroppen veldig bra, men då eg vakna opp på søndag var eg så stiv og støl i beina at eg sleit med å gå ein meter, seier Espeland.

Stordabuen annonserte stuntet til venane på Facebook berre nokre få dagar i forvegen. Han ville nemleg ha minst mogleg merksemd på førehand.

- Annonse -
- Annonse -

– Eg ville ikkje gå ut og fortelje om dette, sjølv om det aldri var noko alternativ å gi seg. Responsen var veldig positiv og eg har fått samla inn ein god del tusen kroner. Eg tippar nærmare 10.000.

Slik var ruta til Espeland. Kart: Google

Espeland byrja på gåturen torsdag morgon, då han først gjekk til Stavanger, tok ferja over til Tau, gjekk vidare til Hjelmeland der han tok ei ny ferje til øya Ombo. Etter å ha gått tvers over øya tok han ferja til Nedstrand i Tysvær fredag. Her venta ein skikkeleg pitstop.

– Eg hadde ringt og avtalt rom på førehand. Dei lurte fælt på kva ærend eg skulle der, og då eg sa eg hadde utfordra meg med ein lang gåtur fekk eg rommet gratis. Då brukte eg tida på å teipe opp heile føtene, for eg hadde jo fått ein del gnagsår og blemmer. Litt forskjellig knask.

Aldri eit alternativ å g seg

Laurdagen var han på ny klar til dyst, og fekk selskap frå broren som hadde planlagt å følgje med på siste maratonetappe, frå Nedstrand til Stord.

– Men då me kom til Skjoldastraumen fekk bror min problem med beina, og måtte gi seg.

- Annonse -

Til slutt klarte Espeland å nå opninga av Bømlafjordtunnelen, der han blei henta og køyrd til andre sida og gjekk den siste skjarmøretappen heim.

– Eg hadde ikkje klart det utan overnattingspausen, men det var aldri noko alternativ å gi seg. Eg hadde såpass ære og stoltheit at eg haldt meg oppe.

– Kvifor fann du på dette?

– Eg jobbar jo i Nordsjøen og hadde nyleg min siste tur der før sommarferien. Då tenkte eg veldig på kva eg skulle finne på i sommar. Det var då eg kom på denne ideen, der eg samtidig kunne støtte ei god sak. Det måtte bli Kreftforeininga, på grunn av at eg sjølv har hatt folk i familien som har hatt kreft.

Espeland hadde ikkje høyrt om planane til Erik Onarheim på førehand, og las om stuntet hans på nettet i ein pause.

– Eg visste ikkje om han i det heile teke. Eg tenkte jo det var rimeleg spesielt at to stykk frå Stord skulle gjere noko liknande til støtte for Kreftforeininga.

– Kva råd har du å gi til Erik Onarheim no joggar til Oslo?

– Bit tenna saman, ta i deg smerten og fokuser på det gode du gjer. Berre gi faen, så kjem målstreken til slutt. Og pass deg for trafikken, seier Espeland.