Skjermdump: NRK
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

“Musikkbransjens yngste veteran”, busett på Grov på Stord, stakk av med spellemannsprisen.

– Tusen, tusen takk. Dette var kjempestort! Wohoo!

Slik reagerte bluesmusikaren Jørgen Sandvik etter å ha vunne spellemannprisen for beste bluesalbum laurdag kveld.

Sandvik kjem frå Bergen, men er busett på Grov på Stord.

Han vinn pris for bluesalbumet «Permanent Vacation», som er hans første soloalbum. På plata kombinerer han tradisjonell blues med uvanlege instrument som fløyte, cello og pumpeorgel.

Han er kjend frå legendariske Real Ones, og har i følgje Vossajazz vorte omtalt som “musikkbransjens yngste veteran”.

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Sandvik har tidlegare vunne to spellemannprisar, men det er første gong som soloartist.

Sjekk ut musikken her:

- Annonse -