Skjermbilete: TV2
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Jørgen Bauge (21) frå Stord var ein av dei som gjekk vidare med gullbillett under kveldens sending av Idol.

– Eg syns eigentleg det gjekk ganske greitt å stå framfor dommarane. Det var vel all ventinga som var verst. Dagen blei fort veldig lang sidan eg reiste frå Stord, seier Bauge til Stord24.

Han stilte på audition i Bergen i mai med låta «A-team» av Ed Sheeran. I kveld blei auditionen vist på tv, og dommarane lot seg imponere av stordabuen si tolking av låta. Dommarpanelet består i år av Gunnar Greve, Silje Larsen Borgan og Madcon-stjerna Tshawe Baqwa.

Foto: TV2

– Det som er så gøy med dette, var at det føltes ikkje ut som ei coverlåt. Det føltes ut som di låt. Du har ei særeigen stemme med mykje personlegheit, uttalte Borgan i sendinga.

21-åringen jobbar til vanleg som lærling på Knutsaåsen eldresenter. Under sendinga fortalte han at han har vore musikkinteressert i mange år.

- Annonse -

– Eg laga min eigen versjon av låta, og syntes den passa godt til stemma mi. Derfor valde eg den. Eg har interessert meg for musikk og sang i mange år, og har vel spelt gitar sidan eg gjekk i tredje klasse. Synginga kom etterpå, fortel Bauge, som til dagleg jobbar innan psykisk helse.

- Annonse -
- Annonse -

Bauge fortel at det var far hans som først oppfordra han til å melde seg på Idol.

– Tanken om å melde seg på har eg hatt over lengre tid. Eg har alltid hatt lyst til å utfordre meg sjølv og sjå kor langt eg kan komme i ein slik konkurranse. Ein dag fekk eg ein telefon av pappa, der han spurte om eg ville melde meg på Idol. Då var eg ganske sikker.

- Annonse -

- Annonse -
- Annonse -