- Annonse -

I dag fekk niandeklassingen Jone Nesbø oppfylt draumen sin; han fekk ein ny sykkel av MOT på Rimbareid skule.

Av: Kjetil Rydland, Fitjarposten

MOT oppfyller kvart år draumen for ein niandeklassing på Rimbareid. Blant mange gode søknader valde MOT-coachane denne gongen ut Jone Nesbø, som ønskte seg ein ny sykkel.

Det har blitt ein tradisjon kvart år i «Draumeveka», fortel MOT-coach Marte Belsvik Hansen, at dei oppfyller draumen for éin niandeklassing på skulen. Dei får inn mange gode søknader kvart år, fortel ho, sjølv om ikkje alle er like realistiske.

– Me har sjølvsagt ei kostnadsramme me må halda seg til! legg Hilde Volden de Fine til.

Under seremonien i amfiet i storefriminuttet i dag fekk ein av lærarane realisert sin draum: Hanne Almås kan venta seg å få bilen sin vaska og rydda ein dag i nærmaste framtid.

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Samstundes fekk Mathea Olsen Vik eit påskeegg – med mPetre3-lue, kinobillett og smågodt – som førstepremie i Instagram-konkurransen der ho kommenterte kvifor det er viktig å han ein draum: «Å drømme er viktig fordi då har du eit mål i livet som du jobbar for».

Men dagens heldigaste var altså Jone Nesbø. I søknaden sin ønskte han å sykla rundt øya. Etter ein hyggeleg samtale med Stord sykkelklubb fekk dei ordna det slik at dei skaffar Jone ein sykkel, og han skal få trena med dei.

Me gratulerer og ønskjer god tur!

- Annonse -