Magne Rommetveit får også eit sentralt verv i Arbeidarpartiet som medlem av gruppestyret. Foto: Arbeidarpartiet
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Statoil meiner Arbeidarpartiet sitt forslag til ny arbeidsmiljølov vil gjere det umogleg å bruke løftefarty som Saipem 7000 til offshore-installasjonar. I dag var Jonas Gahr Støre på Stord og fekk ta den i nærare augesyn.

– Det har vore mange hyggelege inntrykk. Eg var her for to år sidan, då det var liten aktivitet. No er det jo høg aktivitet, og eg er imponert over forteljinga om tilsette og leiinga som har klart å fornye seg og vidareutvikla seg til dei no løyser nokre av dei mest avanserte oppgåvene i norsk industri, seier Jonas Gahr Støre til Stord24.

Ap-leiaren var tydeleg imponert over dimensjonane under måndagens besøk på Stord, der han fekk kome nært på dei tre gigantprosjekta som Statoil har gåande.

Åtvarar mot ny Ap-lov

Ein av gigantane som ruva på Eldøyane var verdas nest største løftefarty Saipem 7000, som er i ferd med å gjere seg ferdig med Hywind-monteringa. Men ifølgje Statoil kan Jonas Gahr Støre setje ein stoppar for bruken av slike løftefartøy i framtida. Arbeiderpartiet sitt forslag til ny arbeidsmiljølov vil gjere at reglane for sjøfolk blir like som for oljearbeidarar. Statoil meiner reglane vil føre til at store løftefartøy som «Pionering Spirit» og for «Saipem 7000», ikkje lenger kan takast i bruk.

– Vårt store problem og dilemma er at ingen skip vil oppfylle dei nye krava, dersom dei blir innført. Utan desse skipa kan me ikkje gjennomføre slike løfteprosjekt, sa Øystein Håland, direktør for tryggleik og berekraft i Statoil og meinte heile Johan Sverdrup-prosjektet vil vere i fare.

- Annonse -
- Annonse -

Avviser Statoil sine bekymringar

Støre meiner Statoil svartmalar situasjonen og meiner det nye regelverket vil ta omsyn til spesielle behov som ved bruk av store løftefarty.

– Det vil eg avvise. Det må vere mogleg å gi menneske på jobb i Norge på land og på sjøen den grunnleggande beskyttelsen som arbeidsmiljølova gir. Me har eit regelverk laga tidleg på 90-talet då det blei arbeidd på heilt andre måtar på norsk sokkel. Så skal utarbeidinga av det nye regelverket sjølvsagt ta omsyn til spesielle behov, men det har vore nokre forsøk på skrekkåtvaringar for kva det vil seie å ta omsyn til arbeidsmiljøet i Norge som eg meiner det ikkje står til truande.

– Ein kan ikkje gå inn i ei slik sak og berre avvise arbeidsmiljøreglane. Ein av grunnane til at me gjer det bra i norsk industri er at det er tryggleik på arbeid, og det skal gjelde for alle.

– Tek Øystein Håland i Statoil feil?

– Ja, om du seier det du refererer her så meiner eg det. No må me tenkje på kven me snakkar om her. Arbeiderpartiet og LO, som er opptekne av dette, har alltid utforma regler på ein måte som gjer at Norge alltid kan ha ein leiande industri. Du kjem ikkje til å sjå den dagen der me kjem med forslag om lovar og regler som gjer at me ikkje kan ta i bruk eit løftefarty.

Jonas Gahr Støre på veg til møte med Arbeiderpartiet i lokala til Samarbeidsrådet i Sunnhordland. Foto: Jonas Sætre/Stord24

Verdas åttande underverk

- Annonse -

Støre fekk også kome tett på Aasta Hansteen-understellet, som no er i ferd med å snus ved Høylandsbygd. Han var tydeleg imponert over dimensjonane.

– Me har vore på sjøen og sett på havvind, der ein har teke i bruk kompetansen frå olje og gass til fornybar sektor. Så har me sett det som, om ikkje det åttande, så iallfall eitt av dei store underverkene, understellet til Aasta Hansteen. Det var mektig å sjå på denne installasjonen, og menneskene som gjekk rundt der blei veldig, veldig små. Men det er jo menneske som har skapt det.

– Kva var bodskapen frå leiinga og dei tilsette frå Kværner?

– Det handla mykje om spørsmål om innleie og midlertidig tilsetjingar, der eg opplever at industrien forstår at sykliske bransjar har behov for avgrensa arbeidskraft når det er toppar. Men me ha ein betre regulering av bemanningsbransjen, og me må ha faste tilsetjingar som hovudprinsipp. Me må sørgje for at innleie på kort tid ikkje blir regelen men unntaket. Det kan hende det er ei krone å spare på kort sikt, men då underminerer me det som gjer at me lukkast, til dømes satsing på kompetanse og lærlingar.

– Norge kan aldri bli billigast, men me kan bli smartast. Det er det som gjer oss til verdsleiande. Det var dei tilsette opptekne av, og dei opplever at dei står i ein ganske tøff strid mot krefter som vil gå for den billigaste innleieløysinga på alle område.

Sjå Jonas Gahr Støre sin eigen video frå Kværner saman med klubbleiar Amram Hadida:

Snakker med hovedtillitsvalgt i Fellesforbundet Amram Hadida på Stord Kværner.

Posted by Jonas Gahr Støre on 26. juni 2017

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -