- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

I april blir det eit gjensyn med den folkekjære artisten på Osvald pub.

– Me er heldige som har hatt æra av å introdusera heile Noreg sin folkekjære visehøvding Jonas Fjeld på scenen éin gong før. Den gong blei me møtt av ein ujålete, audmjuk og tvers igjennom fin fyr, skriv Olsen & Jensens viseklubb.

Artisten vil halde ein ny konsert på Stord 14. april.

Viseklubben ser no fram til eit nytt besøk av Jonas Fjeld, som eigentleg ikkje er det ekte namnet hans.

– No skal vår eigen Terje Jensen sin namnebror gjera comeback på viseklubbscenen vår. Sist gong blei konserten utselt, så ver tidleg ute.

- Annonse -

Jonas Fjeld (65) vert rekna som ein av dei mest folkekjære artistane i Norge. Han har gitt ut heile 17 soloalbum frå 1970-talet og fram til i dag, i tilegg til ei lang rekkje utgivingar saman me andre artistar.

- Annonse -
- Annonse -

Førre gong artisten spelte på Stord var i november 2015.

- Annonse -