John Martin Mjånes er administrerande direktør i SKL. Foto: SKL
- Annonse -

No er det klart kven som blir Magne Heimvik sin etterfølgjar som ny administrerande direktør i Sunnhordland Kraftlag.

– Eg er svært godt nøgd med at Mjånes skal overta som administrerande direktør i SKL, seier styreleiar Didrik Brun Ferkingstad, i ei pressemelding.

Selskapet skriv at Mjånes har solid erfaring frå stillinga som viseadministrerande direktør i SKL gjennom fleire år. Han har mellom anna vore sentral i dei omfattande endringsprosessane som har vore i selskapet dei siste åra.

– Han har alle dei eigenskapar som vert viktige for å leia SKL i den utfordrande tida som kjem, seier Ferkingstad.

John Martin Mjånes er 42 år gammal og utdanna siviløkonom og statsautorisert revisor frå Norges Handelshøgskole. Då han kom til SKL i 2008 som økonomisjef hadde han erfaring frå ulike stillingar i Wärtsilä Norway. Han har også erfaring som revisor i Ernst & Young.

– Saman med motiverte og kompetente medarbeidarar ser eg lyst på framtidsutsiktene for SKL. Rein og fornybar energi er eit av våre fremste naturlege fortrinn i Norge. Det skal me nytta til det beste for tilsette, eigarar og samfunn, seier John Martin Mjånes

- Annonse -

Han seier vidare at SKL er ei spanande verksemd å vera øvste leiar for, at selskapet har fleire store prosjekt me arbeider med, mellom anna nytt kraftverk i Etne og konsesjonsøkt flaumkraftverk i Odda.