John Herman Sørheim, foto: privat
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Han er ein av seks nordmenn som skal delta i VM i Italia i sommar.

John Herman Sørheim frå Stord var lite førebudd då han i påsken fekk beskjeden om at han får vere med på det norske landslaget i paragliding.

John Herman Sørheim, foto: privat

– Det kom som ei overrasking. Sjølv om eg har hatt eit mål om å kome med der ein eller annan gong så var det uventa at det skulle skje i år, fortel Sørheim.

Takka ja på flekken

Stordabuen har drive med paragliding sidan 2004, og har delteke i konkurransar sidan 2008. No har han klatra opp til ein 13. plass på rankinglista til Norges luftsportforbund. Noko som i utgangspunktet ikkje var bra nok til direkte kvalifisering til landslagsuttaket.

– Eg vart spurt då fleire har takka nei fordi det ikkje har passa eller fordi dei har vore med i fleire år. Eg brukte ikkje lange tida på å takke ja, for å seie det sånn.

- Annonse -
- Annonse -

Dermed er Sørheim klar for VM i Monte Avena i Italia, frå 1. til 15 juli i sommar.

– Dette er ein stor konkurranse med 150 deltakarar så dette blir jo veldig kjekt å vere med på.

Samanliknar det med orientering

Meisterskapet i paragliding går føre seg litt som ein orienteringskonkurranse på bakken, forklarar Sørheim.

- Annonse -

– Hovudsakleg føregår det som ein orienteringskonkurranse der du må fly frå A til Å. Me må gjennom ulike postar i ei bestemt rekkjefølgje, og har koordinatar på GPS’en som me må navigere gjennom. Og det er om å gjere og klare dette på best mogleg tid.

Utøvarane får ikkje oppgåva før ein halvtime på førehand, så her handlar det om å vere stødig i navigeringa. Dersom ein er først ut i løypa er det ein bonus å hente, då ein flyr i nytt terreng med ingen andre pilotar. Då kan ein i teorien vinne sjølv om ein ikkje har den best tida.

Trenar i Fossabrekko

No ventar nokre månadar med fullt fokus på paragliding fram mot VM for stordabuen.

– Det blir å prøve og fly så mykje som mogleg før VM. Eg flyr mykje på Stord, i Fossabrekko tidleg på dagen og ved Landa på Fitjar på ettermiddagen. I tillegg blir det mange turar til Etne, Sørfjorden og Voss.

Når det gjeld sjansane for å bli verdsmeister i Italia så ser han på dei som relativt små.

– Me har ikkje så veldig mykje å stille opp mot utøvarane frå Frankrike og Italia og landa rundt Alpene. Så eg trur ikkje det er så stor fare for at me får ein norsk verdsmeister. Men ingenting er umogleg.

Til sommaren er det klart for VM i Italia. Her frå ein tidlegare konkurranse i Italia. Foto: Wikimedia Commons (CC BY-SA 2.0 DE-lisens)

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -