johan sverdrup
Foto: Equinor
- Annonse -

Berre to månadar etter oppstarten vert det henta hundetusenvis av fat med olje frå Johan Svedrup dagleg.

5. oktober blei den første olja teke opp av Johan Sverdrup-feltet. No skal produksjonen allereie ha nådd 350.000 fat med olje om dagen.

Det melder Equinor til Reuters, i følgje Finansavisen.

Sjefsøkonom i Aker ASA, Torbjørn Kjus seier at 350.000 fat om dagen berre to månadar etter oppstarten er ein «ekstraordinær prestasjon».

Målet for fase 1 av Johan Sverdrup-produksjonen har vore å nå 440.000 fat innan sommaren neste år. Equinor opplyser at dei vil målet lenge før dette, og vil truleg oppnå ein mykje høgare produksjon til sommaren enn kva som var venta.

- Annonse -

Eigentleg skulle Johan Sverdrup-feltet først starte opp i starten av desember, men feltet blei starta allereie 6. oktober.

- Annonse -
- Annonse -

Når heile Johan Sverdrup-feltet blir operativt, er det venta å produsere 30 prosent av all olje på norsk sokkel.

– Produksjonsstart frå Johan Sverdrup er ein milestein for Equinor. Når feltet når topproduksjon, vil det stå for rundt ein tredjedel av all oljeproduksjon i Norge og levere svært verdifulle fat med rekordlåge utslepp. Johan Sverdrup er forventa å gi produksjonsinntekter på meir enn 1400 milliardar kroner, der meir enn 900 milliardar kroner til den norske stat og samfunn, sa Equinors konsernsjef Eldar Sætre.