Pioneering Spirit skal etter frakte Johan Sverdrup-modulane frå Stord til Nordsjøen.
- Annonse -

Stortinget kan setje kjeppar i hjula for løftefartyet «Pioneering Spirit», som skal frakte Johan Sverdrup-modulane frå Stord til Nordsjøen.

Forslaget om endringa i arbeidsmiljølova er framsett av Arbeidarpartiet med støtte frå SV og SP, og vil bety kortare arbeidsskift i Nordsjøen. Det vil i praksis bety at det ikkje vert mogleg å bruke skipet «Pioneering Spirit» for å frakte plattformen til Nordsjøen, då skipet er så dyrt i drift at det er avhengig av døgnkontinuerleg drift. Det skriv bransjeavisa Upstream fredag.

Konsernsjefen i Allseas, Edward Hereema seier til Upstream at den foreslåtte endringa vil vere «svært skadeleg» for verksemda deira.

Han forklarar det med at det ikkje er nok senger på offshore konstruksjonsskip til å gjere det mogleg at mannskapet jobbar skift på under tolv timar. Med kortare skift ville det ikkje vere nok mannskap om bord for å handtere arbeidsmengda.

- Annonse -

Bruken av «Pioneering Spirit» er sagt å bli ein revolusjon når det gjeld måten ein fraktar plattformane frå Eldøyane og ut i nordsjøen. Tradisjonelt har ein bygd plattformer i modular, og deretter skipa dei ut i havet for så å løfte dei på plass der. Men skipet «Pioneering Spirit», som kan løfte 48 000 tonn, kan frakte plattformen ferdig montert.

Kommunikasjonssjef i Kværner Stord, Odd Naustdal, seier til Stord at han ikkje har nokon kommentar til kva dette eventuelt vil ha å seie for framdrifta på Stord, og viser til Statoil.

- Annonse -