BI-professor Torgeir Reve og Jan Kåre Pedersen var samd i at kompetansearbeidsplassar er viktig for å sikre konkurransekraft for Sunnhordland i framtida. Foto: Jonas Sætre/Stord24
- Annonse -

Stord og Sunnhordland har dei siste åra mista posisjonen som den beste jobbskapingsregionen i fylket. – Tenk nytt, er oppfordringa til BI-professor Torgeir Reve.

I løpet av perioden mellom 2004 og 2016 har 14 prosent av dei nye jobbane i Hordaland blitt skapt i Hordaland, samtidig som regionen har 11 prosent av arbeidsstokken.

– Dette viser at jobbskapingsevna i Sunnhordland har vore størst i fylket enn alle regionane i Hordaland, sa professor i strategi og industriell konkurranseevne ved Handelshøyskolen BI, Torgeir Reve.

Han var eitt av trekkplastera på årets Stordkonferanse, og hadde på bestilling av arrangørane laga ein eigen rapport om sysselsetjinga og jobbskapinga i Sunnhordland.

Det var ikkje berre lystig lesing. For rapporten viste at jobbskapinga i Sunnhordland har gått nedover dei siste åra, og i 2015 var det færre nye arbeidsplassar i regionen enn snittet i fylket.

– Dette bør bekymre dykk

– Det har vore ein klar nedgang dei siste åra. Den utruleg kraftige evna de hadde har ein fallande tendens. Dette bør bekymre dykk. For denne reigonen var den mest entreprenørielle i fylket, og den posisjonen burde de framleis ha.

- Annonse -

Reve meiner den fallande jobbskapinga kan forklarast med for lite høgkompetansearbeidsplassar, og for einsidig arbeidsliv knytt til dei store bedriftene som Kværner. Professoren meiner ein ikkje kan stole på at dei store industribedriftene vil vere like dominerande i framtida som dei er i dag.

– Kværner lever litt farleg, for dei lever av store prosjekt. Skal dei framleis halde fram etter Johan Castberg-prosjektet i 2020 er dei nødt å ha fleire bein å stå på. Det er litt farleg med ein slik hjørnesteinsbedrift.

Hordaland skil seg ut nasjonalt ved å ha den klart største veksten i høgkompetansearbeidsplassar. Dei er kjenneteikna ved å ha høg utdanning, høg løn som jobbar i små bedrifter eller er sjølv gründarar.

Kværner lever farleg etter Johan Castberg-kontrakten, sa BI-professor Torgeir Reve. Foto: Kværner

Må skaffe høg kompetanse

Men av denne store veksten har nesten heile veksten kome i Bergen. Sunnhordland har nesten ikkje fått noko av denne veksten.

– Desse jobbane er utruleg viktige, fordi det tiltrekkjer seg den beste arbeidskraften. Dette er kategorien av arbeidstakarar som Sunnhordland er nødt å skaffe om de skal klare å skape nye suksessfulle bedrifter, sa Reve.

Professoren meiner likevel Stord og Sunnhordland kan vere optimistar, dersom Hordfast blir realisert innan rimeleg tid.

– Ny E39 vil gjere at ein kan bu her og jobbe i Bergen, eller omvendt. Å få integrert arbeidsmarknaden i Bergen, som er så sterk på kunnskap, med Sunnhordland, som er så sterke på industri, vil vere utruleg viktig.

Adm. dir i Salt Ship Design Arne Stenersen. Foto: Jonas Sætre/Stord24

Meiner havbruk er nøkkelen

Rapporten til Reve ga nokre av tilhøyrarane ein aha-oppleving, mellom anna Arne Stenersen, administrerande direktør i Salt Ship Design.

– Eg er overraska over diagrammene som viser Bergen kontra Sunnhordland. Eg tenkjer likevel at vårt moglegheitsrom først og framst er innan havbruksnæringa, og at vår region kanskje ligg sterkare an enn kva denne rapporten gir inntrykk av.

Stenersen fortalte om korleis Salt Ship Design har hatt stor suksess i å omstille seg frå offshorenæringa, og at å dyrke tilsette med spisskompetanse er nøkkelen til å få dette til.

– Etter 2014 har me ikkje signert ein einaste kontrakt innan offshore. Og i dag har me ein ordrebok større enn nokon gong. Me har stor tru på å dyrke spesialkompetansen vår og ikkje vere for generalistiske. Viss ikkje du har «edgen» så lukkast du ikkje. Samtidig må du ha ein lidenskap for teknologi og nyutvinning, sa Stenersen.

Torgeir Reve påpeika at det i seg sjølv ikkje nødvendigvis stimulerer til fleire gründarar å ha store industribedrifter tett på lokalsamfunnet. Men Stenersen meinte erfaringa han har fått på Kjøtteinen har vore avgjerande for at han har lukkast som bedriftsleiar.

– Eg har jobba i Aker i mange år. Og med kompetansen eg fekk i ein sånn bedrift har eg fått mykje ballast som gjer at det lettare å jobbe systematisk og langsiktig

Arne Eik i Equinor framheva Stord sine føretrinn innan nye næringar, som havvind og batteriteknologi. Foto: Jonas Sætre/Stord24

Batterihovudstad på Heiane

Utflytta stordabu og kommersiell leiar for havvind i Equinor, Arne Eik, var blant optimistane i panelet, som meiner mykje ligg til rette for at Stord skal kunna ta ein posisjon i andre marknadar enn offshore.

– Stord har alle føresetnadane for å bli ein internasjonal hub innan havvind. Men også innan batteriteknologi. Kanskje me kan sjå på Heiane som verdas nye batterihovudstad?

Eik meiner Stord-samfunnet må tenkje nytt for å klare å vere konkurransedyktige i framtida. Han utfordra mellom anna høgskulemiljøet til å bli ein sterkare pådrivar for næringsutvikling.

– Me har jo eitt av hovudseta for Høgskulen på Vestlandet. Eg vil utfordre næringslivet og høgskulen om å få til eit endå tettare samarbeid om framtidsløysingane me står overfor, sa Eik.

– Ufatteleg mykje kompetanse

Dagleg leiar i Sunnhordland Naturgass, Jan Kåre Pedersen, uttrykte også optimisme med tanke på kva moglegheitar som ligg i regionen. Mellom anna trekkjer han fram at det ikkje er investeringsvilja det står på.

– Eg er heilt overtydd om at det i vår region er ufatteleg mykje kompetanse og store moglegheiter. I vårt biogassprosjekt har me fått fantastisk god hjelp frå både Enova og Atheno. Og det er nok kapital. Allereie før me har kome i gong har me blitt kontakta av investorar som ønskjer å overta.

Pedersen peika på at kommunen har ein jobb å gjere for å få Stord til å framstå som meir attraktiv for at folk med høg kompetanse skal busetja seg her.

– Det er forferdeleg kort frå Stord til Bergen, men forferdeleg langt frå Bergen til Stord. Me treng ein aktiv og attraktiv kommune som gjer at folk vil flytte hit. Det er ufatteleg mykje god kompetanse som har vore vekke 10-20 år frå øya. Dei begynner å lengte heim igjen, konkluderte Pedersen.