Illustrasjonsfoto: Politiet
- Annonse -

Trafikkuhellet skjedde på Rommetveit tysdag ettermiddag.

Klokka 16.41 meldte politet om hendinga, som skjedde då ei åtte år gammal jente sykla ut i vegbanen og trefte ein bil.

– Jenta fall og skada beinet i samanstøyten, opplyser politiet.

Eit familiemedlem kom til staden og frakta jenta til legevakta.

– Eg har fortståt det sånn at bilføraren var utan skuld i dette. Ho sykla på fortauet og kom plutseleg ut i vegen. Politiet har vore i kontakt med bilføraren, og me skal snakke med jenta og familien hennar, opplyser operasjonsleiar Brit Randulff i Sørvest politidistrikt.

Ho opplyser at jenta truleg ikkje vart alvorleg skada.

- Annonse -

– Ho hadde vondt i den eine foten, men eg forsto det sånn at ho ikkje var alvorleg skada. ho var ved medvit, seier operasjonsleiaren.

- Annonse -